Gå til innhold

Dette diktet er bare så nydelig, jeg griner hver gang


Anbefalte innlegg

Framand Stad (eller Vi er sju)

 

William Wordsworth (1770 - 1850)

 

(Gjendiktet av Halldis Moren Vesaas)

 

Ho kom mot meg med lette steg

Og smilte trygg og glad

Ho var vel en sju, åtte år

Var fattig kledd, men sunn og vakker

Med sitt mjuke hår

Og kjaken frisk og rund.

 

Kor mange sysken har vel du, sa eg

Straks fekk eg svar

Kor mange sysken? Vi er sju

Sju born har mor og far

Kvar er de andre, sa så så

Og atter svarte ho

To er i byen langt herfrå. Og ut til sjøs drog to,

To ligg på kyrkjegarden her

Ei syster og ein bror

Og i eit hus tett innmed der

Bur eg med far og mor

 

Eg drygde litt, så spurte eg

Og enda seier du at de er sju?

Ho så på meg og sa

Ja vi er sju

Men kjere barn. Du veit da visst

Om fire heimat kjem

Er to av dykk for evig mist

No er det bare fem

 

På gravene veks blom og gras

Sa veslejenta fort

Eg ser det frå mitt kjøkenglas

Og titt dit spring eg bort

Der er eg alltid trygg og sæl

Eg sitt nå her å syr

Eg syng for dei

Og titt fortell eg dei eit eventyr

Og mang en kveld når sol går ned

Og det er vakkert vær

Da tek eg mjølk og niste med

Så et eg kveldsmat der.

 

Først døde Anna syster mi

Ho sjukna inn så brått

Ho låg og lei ei lita tid

Men så fekk ho ha det godt

Da snøen kom og la seg til

Så eg fekk ut på ski

Vart veslebror og kvit og still

Og gikk til syster mi

 

 

Men vesle jente,

Desse to er døde,skjønar du

Kor mange sysken har du no?

Ho svara: Vi er sju

Men dei er døde barnet mitt

I himlen får dei bu

Den vesle jenta stod på sitt,

Ho svara like fast og blidt:

Ja visst, og vi er sju.

Fortsetter under...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...