Gå til innhold

Å amma eller ikkje amma...


Anbefalte innlegg

Eg vil bgynna med å seia at eg beundrar dåke som får til å amma, noko eg sjølv ikkje får til. Men det er ein ting dåke må hugsa på. Dei som ikkje ammar har som oftast ein god grunn for at dei ikkje gjer det. Det er få som ikkje ammar av den enkle gunn at dei ikkje gidd. Som mødre skulle me vel alle ynskja at me kunne amma våre små. Det kan og vera sårt for oss å ikkje få det til. Ein del følar at dei har misslukkast som mor a den grunn at dei ikkje kan amma. Det vert ikkje betre av at ein del, langt frå alle, som får til å amma rakkar ned på dei som ikkje får det til.

 

Eg kan fortelja min historie..

Det heile begynte med at guten ikkje fekk til å suga. Ingen ting i vegen med guten av den grunn. Eg har brystvorter som vender innover så han fekk rett og slett ikkje tak. Så eg begynte å pumpa meg for at han skulle få morsmjølk. Denne gav me ettekvart på flaska. Så før me var kommen heim frå sjukehuset var guten vant med å få mat på flaska. Eg tok det ikkje så tungt at me ikkje fekk det til, med tid og stunder skulle no dette gå. Prøvde det meste utan noko resultat, men hadde likevel motet oppe ei stund til. Eg fekk tre brysbetendelsar i løpet av deitre vekene etter at me kom hiem frå sjukehuset. Fekk til og med nye klumpar i brystet medan eg gjekk på pencelin. Det å ha brystbetendelese er ingen stas. No var ikkje eg så sjuk at eg var sengeliggande, men eg hadde feber og var slapp. Orkte rett og slett ingenting, nett så vidt eg klarte å bytta bleia. Bada guten måtte nokon andre gjera når det var som verst. Heile vegen har eg pumpa meg for at han skulle få morsmjølk. Det tok meg ganske lang tid, kvar gong sat eg mellom ein halv og ein time. Etterkvart reduserte eg pumpinga til morgon og kveld. Det tok likevel på.

Det heile endte med at eg gjekk til legen min og fekk pillarar for å få vekk mjølka. Eg orka rett og slett ikkje meir. Det er betre for oss at guten får erstatning og at eg er frisk og kan ta meg av han. Ein skal tross alt kosa seg med dei små, det skal ikkje vera eit ork og tårer heile vegen.

 

Det eg vil fram til med å skriva dette er at dei som ikkje ammar har sin grunn. Det kan vera sårt for dei å ikkje få det til. Me ser opp til dåke som får det til, og me tren støtta frå dåke. Eg har sett at det er nokre som er negative til at ikkje alle ammar. Det er heilt greit at dåke meinar det, men dåke treng ikkje seia det til oss som ikkje får det til. me treng støtte og ikkje motstand.

 

Morsmjølk er best for dei små, men ikkje for einkvar pris!

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/5339840-%C3%A5-amma-eller-ikkje-amma/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Flott innlegg og du har så rett. Tror ikke vi som ammer kan sette oss inn hvordan det er å ikke amme. Syns disse debattene om mm og mme tar litt av og tenker ikke over de som sliter med ammingen og ikke får det til.

 

Må si at jeg syns du var utrolig flink jeg. Stod på og pumpa for at gutten din skulle få mm, men du har helt rett. Gutten trenger ei friske og blide mor som kan ta seg av han. Mm er dte beste men vet du dem lide ingen nød og de vokser opp like så godt som mme barn. Det beste for barna våre er å ha ei mor og en far som kan ta seg av dem og gi dem den kjærligheten dem trenger. Barnet er godt fornøyd uansett hva det får så lenge mor og far er der:)

Jeg vil bare legge til at jeg kjenner et par mammaer som har gitt opp for fort... så ja, det var noe som gikk galt og de ble lei seg for det, men de prøvde ikke lenge nok, flaska virka som en enklere løsning.

 

jeg selv slet med ammingen helt fra poden ble født til han var 2 mnd, men det var virkelig verdt det! det går jo som en drøm nå...

 

så til dere som holder på å gi opp, prøv litt til! jeg var på nippet til å gi opp selv og har fått utrolig mye skryt på helsestasjon og av familie og venner når jeg endelig overvant brystbetennelser, sopp og såre brystvorter =) og det føles så godt i ettertid og...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...