Gå til innhold

Game over


Beth

Anbefalte innlegg

Hei!

Så var det game over for meg - denne gongen også. Begynte å blø litt måndag kveld, puppene vart mindre ømme, meir blod i går og i dag. I dag har eg vore hos legen, vart sendt til ultralyd, der legen såg ein fostersekk på veg ut. Så i løpet av eit døgn er det nok over. Smertene tydar også på det. Eg har jo vore gjennom dette ein gong før.

 

Så takk for meg, og takk for gratulasjonar, hjelp og støtte. Det ville seg ikkje for meg... Håper det går bra med alle dykk andre "gamle damer" her inne. Kanskje eg ser innom for å sjå korleis det går.

 

mvh

Fortsetter under...

Hei igjen,

Tenkte berre eg skulle melde at nå er eg offisielt ugravid. 14 på hcg i dag og ingen blødning eller smerter dei siste tre dagane tydar på at kroppen har ordna opp sjølv. Når først galt skulle vera, er det betre å ha SA i 7 enn i 11 veke - er mi erfaring etter dette. (Men det kjennest jo litt sårt denne gongen også, det skal eg vedgå).

 

I dag har eg kjøpt eggløysingstest, så da er det duka for seriøs prøving - i alle fall ei lita stund. Så får vi sjå - kanskje eg kjem durande inn att om ei stund. Kryss fingre for meg!

 

mvh

Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...