Gå til innhold

September: Reiserapport :o)


Anbefalte innlegg

Vi har vore på vår første ferie som familie! Turen gjekk til Icmeler, Tyrkia (ca 7km frå Marmaris), vi reiste saman med svigers og var vekke ei drøy veke. Temperaturen var rundt 25 grader, og véret var stort sett strålande.

 

Til Ask hadde vi pakka korterma bodyar og shorts, men det vart lite brukt, det var passe å ha på langerma body, og så enten ei tynn bukse eller strømpebukse. Og så solhatt på toppen.

 

Ask er den perfekte reisebaby, han var blid som ei lita sol så godt som heile ferien. Og det til tross for at på turen ned reiste vi frå klokka var 11 søndag formiddag til kl 07 mandag morgon. Vi hadde ein 5 timars busstur midt på natta, og der var sjølvsagt ikkje noko barnesete, så Ask sat i bæreselen sin på magen min og sov. På veg tilbake vart vi sittande fast på Gardermoen... Dei hadde trøbbel med bagasjebandet sitt, og vi fekk bagasjen vår for seint til å nå flyet vidare til Bergen. Så då vart det overnatting, og så fly neste dag.

 

Men sjølv om sjølve reisa var tung var opphaldet heilt fantastisk! Svigers har leilighet der, og det var heldigvis nok plass til at vi slapp å gå "oppi kvarandre" heile tida. Byen var kjempekoselig, og alle tyrkarane er ville etter babyar. Ask var det naturlege midtpunkt over alt der vi var, og har storkoste seg med det. Dei tendensene han har til å vere redd framande hadde han lagt igjen heime.

 

Alt i alt kan Tyrkia anbefalast som reisemål, og vi skal definitivt tilbake. Vi er så svinheldige at vi når som helst kan benytte oss av leiligheten til svigers, så då blir sjølvsagt det heile ein del lettare. Men neste gong kjem vi til å velge ei anna reiserute.

 

Eg skal legge ut bilete frå turen på albumsidene i løpet av kvelden, sånn viss nokon vil sjå.

 

God 17. mai til alle septembermammaer og septemberbabyar!

 

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/5067714-september-reiserapport-o/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Så kjekt med vellykka ferie! De er heldige som har tilgang på leilighet! (mine svigers har hytte på fjellet og det er bra det og!) Me reiser til Kreta neste veke og skal vera der 2 veker! Gler oss veldig, men er jo litt spente på korleis det blir å dra til syden med ein baby... Lurer på korleis det skal gå med mat, for nå vil han plutselig ikkje ha graut lenger :( Og han er ikkje så flink til å ete brød og middag ennå.

 

Kva type vogn hadde de med? Me lurer på om me skal ta med den store Brio-vogna vår (med sportsdelen på) eller om me skal kjøpe ei lita vogn. Problemet er at alle reisetrillene har så håplaust små jul.... Fann ei med nokså store jul, men den kan ikkje ryggen leggast ned på, og guten vår kan ikkje sitta sjølv ennå... Skal kjøpa den når han blir større!

Vi kjøpte reisetrille hos Reflex. Den er av typen paraplytrille, og har (som alle slike vogner) forholdsvis små hjul. Men det gjekk veldig greitt å bruke den likevel. Eg er veldig glad for at vi ikkje drog med oss sportsvogna, det hadde vi nemlig ikkje hatt bruk for. Men så kan ryggen på reisetrilla leggast ned då, så den vart mykje brukt til soving.

 

Det einaste som var vanskeleg med vogna var å køyre i sand, men det vil nok vere eit problem med dei fleste vognar uansett. Det var veldig greitt å kunne ta med vogna på lokalbussen, det hadde ikkje vore mulig få få med sportsvogna.

 

Viss du ammar framleis blir nok ikkje maten noko stort problem. For vår del vart det noko meir pupp på ferie enn heime. Litt fordi det er lettvindt og vi var mykje på farten, men sikkert og litt fordi Ask trengte den kosen det er med noko kjent når han plutselig er i ei heilt ny "verd". Så det blei ganske hyppig amming. Ellers hadde vi med fruktmosbeger som han åt ein del av, og så fekk han smake på det vi åt (brød, tomatar, potet, agurk, banan osv.).

 

God tur, det blir sikkert kjempedeilig med ferie!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...