Gå til innhold

har lagt han i senga, så no sit eg berre og ventar...


Anbefalte innlegg

Han har alt teke til å krafse på sprinkelbeskyttaren, og no kjem dei første sukka og stønna. Om nokre minutt vert det høglydt syting, før han til slutt tek til å skrike, slik at eg kjem og tek han opp. Pupp vil han ikkje ha, sjølv om han er svolten, og sove nektar han, sjølv om han er trøytt som ein sokk. Han vil berre sitje på fanget mitt, han. Og slik går no dagane. Kva i alle dagar skal eg gjere?

Fortsetter under...

Hvorfor vil han ikke spise tror du? Er det tenna som kommer kanskje?

 

Slik er det iallfall her i gården. Sønnen min er like gammel som din - født 27. november 2005:) Han har hatt noen veldig urolige uker en måneds tid nå. Sovet dårlig og vært litt lite opplagt. Når han er overtrøtt, trosser jeg alle "la-han-sovne-selv"-råd og går tur med han i babybjørn selen. Etter litt søvn er alt litt bedre. Ellers så har jeg lagt han mellom 19 og 20 hver kveld siste uka, og latt han skrike litt. Føles ikke noe ok, men han sover iallfall bedre. Har ikke begynt med fast føde (han vil ikke ha) så han får pupp 2-3 ganger natten. I det siste har han hatt problemer med å sovne igjen etter å ha spist om natten, noe jeg også skylder på tenna.

 

Høres dette kjent? Hvordan har dere det?

Jau, det er nok nokre tenner på gang. Han er kvit i tannkjøtet, klør seg i munnen med alt han får tak i, og bæsjebleiene luktar hyl og helvete. Men han er ikkje 5 mnd enno (nicket lyg, det er termindatoen min - han kom ikkje før 2. desember), så det kan jo enno verte lenge før vi ser dei etterlengta (?) riskorna.

 

Eg trur hovudgrunnen til at han ikkje vil ha mat er at han har oppdaga verda rundt seg for fulle muggar. Det er éin sup, så er det meir spennande å sjå kva som skjer på fjernsynet, på dataskjermen, på hi sida av senga (har prøvd liggande amming, ja, også på dagtid) - så han vert jo aldri mett. Og absolutt alt er meir spanande enn puppen når han ikkje er heilt ihelsvolten.

 

Men no har han faktisk sove ei stund. Tok han opp ikkje så lenge etter eg skreiv hovudinnlegget, og då var han utruleg nok såpass svolten at han gadd å ete litt skikkeleg.

 

Om kvelden er han som regel greiare. Får kveldspupp i halv åtte-tida, og søv då til ca kl 23. Får meir pupp og ev. ny bleie, og søv vidare til ca kl. 4. Så søv han til kl 6, men då er det slutt. Då ligg han lys vaken og blid som ei sol ved sidan av meg og vil opp:)

Huff da. Du har det jammen travelt!

Eg hadde det slik og i starten med gutten min. Eg løste det med å gi mat først, så ha våke-tid med stell, leiker og stimuli, før eg la han ute i vogna. I starten var eg nødt å gå tur for at han skulle sovne, men etterkvart har han skjønt rutinen og sovner sjølv om vogna står i ro. Eg legg han ut i vogna på alle lurane om dagen, også den siste luren om kvelden før kveldsmåltidet. Følte litt på det når han låg ute i vogna til kl var 22, men guten hadde det veldig bra!

 

Eg las ei bok som heiter "Babyguiden" av Gary Ezzo og Robert Bucknam. Den er absolutt å anbefale! Tek for seg det med mating og soving. Hovudpoenget i boka er å gjere ting i rett rekkefølgje: mat først, så våketid og deretter soving.

Når guten min var 10 veker sov han natta over uten nattmat!!

 

No er dagane våre slik at vi står opp i 8-tida. Får mat, Våken 1,5-2 timer. Sover i 2 timer. Ny runde med mat, osv. Siste måltidet får han kl 22.30. Deretter legg eg han i senga si der han søv til neste morgon!

 

Gutten er blid og fornøgd. Utvikler seg slik han skal. Følger vekt og lengde kurvene. "Alle" eg kjenner seier at dei ser stor forskjell på han etter at eg begynte å følgje "babyguiden". Frå å vere ein litt sur og utilpass baby, er han no blitt ein stor-sjarmør som trivest best når "rutinene" blir følgt.

 

Eg har ei veninne som også las "babyguien" etter å ha strevd med dårlig søvn og hyppige måltid med sin gutt. Ho også har 8-9 t sammenhengande nattesøvn etter å ha følgt boka sine "instrukser".

 

Lykke til!

 

Klem

Annonse

Takk for svar.

Eg føler eigentleg at det er akkurat slik eg gjer det, bortsett frå at han berre søv i vogna når vi faktisk er ute og trillar (eg let han sjølvsagt sove vidare i vogna etter turen). Elles søv han greitt i senga si når han først sovnar - han er jo ikkje særleg vanskeleg om kvelden. Og så får han jo mat rett før han sovnar. Har prøvd å fylgje Wahlgren-metoden, og han har eigentleg funka bra til no, men det vert verre og verre å få han til å sove på dagtid. Får ikkje guten din mat rett før han skal sove, altså? Vaknar han ikkje med éin gong, då?

 

Og han er stort sett ein blid og grei gut, utruleg sosial og sjarmerande. Og det er sjeldan det er noko skriking på han, sjølv om han gir tydeleg uttrykk for at han ikkje vil gjere noko anna enn å sitje på fanget mitt og "hjelpe" meg;). Det er vel berre eit ledd i utviklinga hans, at han vil ta del i mi verd, men det hadde vore fint om han kunne oppsøkje drøymeverda ein time eller to av og til..

Heisann!

 

Kanskje guten din ikkje treng så mykje søvn lenger? Han er jo 1.5. mnd eldre enn min.. Kanskje du skal prøve med få men lange lurer i staden for mange korte?

 

Nei min får ikkje mat rett før han legg seg, bortsett frå kveldsmåltidet. Då blir han putta rett i seng. Han vaknar av og til opp igjen, men då er det smokken som skal til. Han sovner igjen før eg har fått handa ut av vogna etter å ha sett den på plass...

 

 

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...