Gå til innhold

Kveldsutfordring


Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Det er slik at det er mindre melk i puppen om kvelden, og mest om morgonen. Eit tips kan vere å la babyen ligge ved puppen ofte på kveldstid (gjerne kvar time) slik at kroppen din får signal om at her trengs det meir melk. Auka etterspørsel gjev auka produksjon. Lar du babyen suge sjølv om det ikkje er noko melk "forstår" kroppen din at her trengst det meir, og produksjonen vil auke.

 

Ofte blir det slik at viss du gjev babyen mme fordi du har for lite melk, vil produksjonen din berre gå enno meir ned sidan kroppen din ikkje får beskjed om å produsere meir.

 

Genrelle tips for å auke melkeproduksjonen er:

 

* Legg babyen til brystet OFTE, også om natta.

* Sørg for at du får i deg nok væske, ha ei flaske vatn med deg over alt.

* Få nok kvile. Det er faktisk hardt arbeid for kroppen å lage melk, og du treng å slappe av når du kan.

* Ikkje stress! Stress kan veldig effektivt hindre produksjonen.

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/4858411-kveldsutfordring/#findComment-4858982
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...