Gjest Riga Skrevet 15. april 2006 #1 Del Skrevet 15. april 2006 Har UL den 26. april, so då er eg vel 18 veker på veg. Har aldri vore gravid før, so det her er noko heilt nytt for meg. Eg har vel eigentleg berre gledd meg til UL, sjølv om eg i bakhovudet har vore kymra om det er noko feil, men det er vel typisk. Men no er eg skikkeleg kymra...har ikkje tort å kjenne so mykje på magen, altso å knytte meg til fosteret, for kva om det er noko gale og eg må ta abort...det er so skummelt å tenkje på det. Eller,- faktisk so har eg tenkt at det ikkje er nokon krise at det skulle hende, at eg er so ung og sånn, og det ikkje hadde øydelagt so mykje. Men eg hadde jo vorte heilt knust, so det er jo feil det eg tenkjer... Kva skal eg gjere...kven skal eg prate med? Kva er eigentleg sannsynet for at noko er gale? På førehand takk for svar! Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/4769512-no-byrjar-eg-%C3%A5-verte-nerv%C3%B8s/
Anonym bruker Skrevet 25. april 2006 #2 Del Skrevet 25. april 2006 Hei! Uff at du ikke har fått noe svar på dette innlegget før nå!! Håper virkelig at du har funnet noen å snakke med om alle bekymringene dine! Men - husk at om de finner noe som ikke er helt vanlig på UL, så MÅ du ikke ta abort! Det er jo bare du som bestemmer det! Huske at det finnes mange mennesker "der ute" som har erfaringer fra flere typer funksjonshemminger og sykdommer og som det går an å søke råd hos! Se under "linker" på venstre side - der tror jeg at det finnes diverse nettadresser. Lykke til i morgen, da! Det går som regel veldig bra, vet du! Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/4769512-no-byrjar-eg-%C3%A5-verte-nerv%C3%B8s/#findComment-4869220
sweetchiquita Skrevet 25. april 2006 #3 Del Skrevet 25. april 2006 Ja, lykke til i morgen. Synd ingen har svart. Alt er sikkert helt i orden. Tvi tvi Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/4769512-no-byrjar-eg-%C3%A5-verte-nerv%C3%B8s/#findComment-4869968
Gjest Riga Skrevet 26. april 2006 #4 Del Skrevet 26. april 2006 Takk for svar...hadde diverre ikkje data før no etter at eg har vore på UL. Heldigvis vart det betre for meg psykisk sjølv om eg ikkje fekk prata med nokon. Var skikkeleg nærvøs i går natt då, men fekk ikkje so mykje hjelp frå kjærasten min. Og so kom altso dagen...tok 4,5 timer med reise, venting og sjølve UL-en. Det var ikkje noko gale med fosteret, men fekk høyre at eg ikkje var 18 veker på veg, men 14-15! Vart veldig kymra for det, for eg testa jo meg sjølv for 14 veker sidan, og då vart han jo positiv, og det må jo ta litt tid...altso kan det vere at fosteret vart laga for 16-18 veker sidan, men er berre altfor lite! Og det vart ikkje betre med at kjæresten min ikkje skjønte kvifor eg gråt då me kom heim...heldigvis drog eg til nokre veninner istaden! So jau...må på UL att den 23. mai... Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/4769512-no-byrjar-eg-%C3%A5-verte-nerv%C3%B8s/#findComment-4879604
Pusur_mor Skrevet 28. april 2006 #5 Del Skrevet 28. april 2006 Det er sikkert ikke noe galt med barnet. Har vært ut for det samme med 2 av mine barn. Første gangen var jeg en måned kortere på vei enn jeg trodde. Testa faktisk positivt før jeg ble gravid.. Andre gangen målte de feil, og utsatte først termin 2uker, og så 3 uker på neste ul. Jeg holdt hele tiden fast på min termin, og jeg fikk rett. Jordmora jeg hadde under fødselen bekrefta at jeg hadde rett hele tiden, og hun sa at hvis de var slurvete med målingene kunne det slå ut på terminen. en millimeter feil tilsvarte visst en ukke eller noe, hvis jeg husker korrekt. Stol på deg selv og nyt svangerskapet. Dersom noe hadde vært galt med barnet ville de sagt det. Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/4769512-no-byrjar-eg-%C3%A5-verte-nerv%C3%B8s/#findComment-4898888
Gjest Riga Skrevet 1. mai 2006 #6 Del Skrevet 1. mai 2006 Oi...positivt resultat FØR du vart gravid! Det trudde eg ikkje gjekk an. Når eg tenkjer over det, so var det faktisk slik at dei hadde ei ny maskin dei testa ut...kanskje det var difor det var litt unøyaktig. Men eigentleg so passar det bra at eg er i veke 15 no, for eg hadde problem med blæra til det eg trudde var veke 16, og so trøyttleik og kvalme til veke "18"! Då tenkte eg at eg var unormal, men på etterkant so er eg so gjennomsnittleg som det går an! Eller...magen min vart nokso stor heilt i byrjinga,- måtte kjøpe mammabukser då fosteret var 5 veker!o.O Men no har han vorte mykje mindre, og ei veninne av meg måtte faktisk spurje meg i går om eg verkeleg var gravid for eg hadde vorte so lita rundt magen! Og då var det jo kjekt å ha eit bilete av fosteret å vise! Gler meg til UL om 3 veker! Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/4769512-no-byrjar-eg-%C3%A5-verte-nerv%C3%B8s/#findComment-4929665
Gjest Riga19 Skrevet 30. mai 2006 #7 Del Skrevet 30. mai 2006 Åh...det gjekk so bra på UL! Var visst 18+3, noko som stemmer perfekt med tala eg fekk i april! So då har eg termin 22. oktober. Og alt var bra...det einaste jordmora fann som var "unormalt" var storleiken på magen til fosteret, for han var litt større enn resten av kroppen. Men for meg var det eigentleg det beste eg kunne få vete, for eg har kymra meg so for at eg ikkje har greidd å ete nok! So fekk me vete at det mest sannsynleg er ei jente eg har inni meg, men jordmora var eigentleg veldig usikker! Men uansett kva det vert, gler eg meg! Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/4769512-no-byrjar-eg-%C3%A5-verte-nerv%C3%B8s/#findComment-5208858
oslojente80 Mina f 07.09.06 Skrevet 31. mai 2006 #8 Del Skrevet 31. mai 2006 Så bra det ordnet seg for dere:) Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/4769512-no-byrjar-eg-%C3%A5-verte-nerv%C3%B8s/#findComment-5218159
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå