Gå til innhold

kor mykje tillegg?


Anbefalte innlegg

Har fått tvillingar som no er 18 dg. Ved fødsel var var 3.0 og 3.3 kg. På sjukehuset gjekk dei ned ein del og så flate kurva ut etter 6 dagar. Eg fekk ikkje melk før dag 5 så dei fekk litt tillegg innimellom på sjukehuset, ca 20 ml 4 g pr dag, i kopp.

 

Når eg kom heim gav eg ikkje tillegg fordi eg hadde fått melk. Vektkontroll når dei var 10 dagar viste at den ein hadde lagt på seg men ikkje den andre. Så då starta eg med tillegg ca 30 ml 3 g pr dag til Ho som ikkje fekk nok. På dag 15 etter fødsel viste det seg at dei kun hadde lagt på seg 30 og 40 gram på 1 veke. Så no.må eg gje tillegg til begge. Men kor mykje???? Leser at dei skal ha ca 15% av kroppsvekta pr,dag men korleis veit eg kor mykje eg har og kor mykje dei får i seg kvar?

Dette gjer eg: ammar ca kvar 3dje time gjennom døgnet. Bytar pupp kvar gang. På dagtid har dei no fått 50 ml erstatning i flaske innimellom (nyttår ikkje å gje rett etter ammining for då er dei døsige og vil ikkje ha flaske) , ca 3 g pr dag. Dvs at dei får ca 150 ml ekstra kvar. Meir vil dei ikkje ha .....eg pumpar ikkje fordi det faktisk er litt styr å amme 2 stk pluss flaske...og eg,er så sår i tillegg.

Er dette nok? Tips?

Ps: dei tissar masse og bæsjar ca 1 g pr dag...

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/144122010-kor-mykje-tillegg/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Fortsett slik så lenge du orker, ungene har våte bleie, bæsjer, så får du veie jevnlig heller. Du er kjempeflink som ammer tvillinger, mange gir opp det fort desverre. Ganske vanlig at mange med et barn må gi litt tillegg også.

 

Anonymous poster hash: a9269...119

Eg er ammehjelper / ammehjelpen.no

 

Det er lurt å spre tillegget over fleire måltid og gjerne ikkje gje det på kvelden og natta. Mjølkeproduksjonen er høgast rett etter amming, så hyppig amming vil auke produksjonen mest. Difor er det lurt å ikkje gje tillegg om kvelden - for då ammer dei fleste hyppigast. Og nattamming gir god effekt på produksjonen, fordi produksjonen av hormonet prolaktin (som styrer produksjonen)  er høgast om natta.

 

Når du seier du bytar bryst så rekner eg med du meiner du byter side på tvillingane, men gjev kvar av dei ein pupp pr måltid? Det er lurt, då vil stimulien bli jamnast mogleg og produksjonen nokonlunde lik på begge sider.

 

Du kan evt forsøke å handmjølke. Mange får ut meir mjølk då enn med pumping, det er skånsamt, og du får mindre oppvask (bruk ein rein bolle eller kasserolle - treng ikkje kokast!). Det kan vere greitt dersom du føler du har spreng etter amming, eller viss det går meir enn tre timar mellom ammingane. 

Kor stor er ein fisk? :-)

 

Du må prøve deg fram. I forhald til amminga bør du jo gi så lite som mogleg, og helst i små porsjonar. Store porsjonar vil fylle magen mykje, og dermed gjere dei mette lengre og dermed kunne utsette neste amming i forhald til om du kun amma dei. 150 ml pr dag tilsvarer vel kanskje 20-30% av dagsbehovet deira. Prøv med det og sjå kordan dei har lagt på seg fram til neste gong du veier?

 

Viss du vil kan eg hjelpe deg å kome i kontakt med ein ammehjelpar med erfaring med å kombinere amming og flaske til tvillingar? Det kan vere vanskeleg nok med ein unge, og enno verre med to som har forskjellig behov, og det kan kanskje vere greitt å ha nokon å "spele ball med"? Send meg i såfall ein pm med mailadressa di.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...