Gå til innhold

fødselshistorie tvillingar


helixxx

Anbefalte innlegg

Då kjem omsider min fødselshistorie. Litt detaljert.......totalt tid grå innskriving på sjukehuset: ca 15 t. Total tid for fødsel (rekna frå vatnet vart tatt og riene var"rier":litt over 6 ytimar. -

 

Eg hadde time for igangsetting 38+0. Dagen kom endeleg og eg og mannen møtte opp på sjukehuset kl 830.

-ca kl 10: vart tildelt fødestove. Mannen fekk ein fin godstol å slappe av i medan eg vart plassert i ein nymotens fødeseng med gult trekk og oransje sider (såg ut som ein stor flat and). Ctg og rietellar vart plassert på. Vi hadde fått "tildelt" ei jordmor som var der stort sett heile tida. Tida gjekk...

Dei sjekka modning og skulle prøve å ta vatnet....lite modent og det gjekk ikkje an å ta vatnet. Det vart bestemt at eg skulle gå riestimulerande drypp

-ca kl 12: drypp vart satt. Salt vatn fekk eg og. Epiduralnåla vart satt på plass og epidural testa. Fekk raskt blodtrykkdfall , noko som var veldig ekkelt. Fixa med litt efedrin. Riene kom igang, men det var kun maserier som kun var irriterande. Kom med ca 5 min mellomrom

-ca 1730. Vatnet vart tatt og drypp "satt opp". Riene begynte no og var sånn "litt ille". Kom kvart 3dje min

-ca kl 19. Auauau. Epidural på. Himmelen! Kjende ikkje riene i det heile tatt. Kan anbefales!

-ca kl 21. Riene tette og eg begynte å kjenne dei trass i epidural. Det vart eit vanvittig nedpress som berre vart sterkare og sterkare. No begynte eg å få litt panikk for å presse. Det skulle jo ut 2. Og et var allereie uuthaldeleg.

-2320 pressrier starta. Vanvittig fælt.

-tvilling 1 ute kl 2334 etter ca 10 prssrier.Dei siste 2 satt Ho fast i opninga. Auauau. Og eg skreik! Plutseleg var Ho ute.

-ca 1-2 min gjekk etter at tv1 var ute og sp fekk eg pressrier igjen. Hylte at no måtte dei skynde seg å sjekke kva veg den låg. Raskt (eller for meg treigt) konstanterte dei at tv2 låg rett veg. Eg pressa då nr 2 ut på 2-3 rier ; også Ho sto fast i.opninga. tv2 var ute 2343.

-ferdig!!!!

Mannen min fekk beskjed om å ta av seg t-skjorta og ta vare på nr 1. Eg fekk sjølv nr 2.

Fantastisk oppleving. Intenst men vondt, men såååå verdt det.

 

Tv1 var 49 cm og 3062g, tv2 var 49. Og 3296g. Trøblar litt med amminga på sjukehuset no, men skal heim til resten av familien imorgon. Er fortsatt mørbanka og har låg blodprosent pluss ille hemorider: men det gir vel seg....

 

Dobbel fantastisk glede!

Fortsetter under...

Hei... Gratulerer så mye :-)

 

Mine ble forløst med keisersnitt 04.02.14, ved svangerskapslengde 36 + 0. Dette grunnet mistanke om morkakesvikt hos tvilling 2. 

 

Ble 8 dager på nyfødtintensiv for tvilling 2, men så kom vi hjem.... 

Annonse

Hei... Gratulerer så mye :-)

 

Mine ble forløst med keisersnitt 04.02.14, ved svangerskapslengde 36 + 0. Dette grunnet mistanke om morkakesvikt hos tvilling 2. 

 

Ble 8 dager på nyfødtintensiv for tvilling 2, men så kom vi hjem.... 

Gratulerer så mye med to fine barn! Gutter, jenter, en av hver? 

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...