Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Eg er pappa til ein gut på 18 mnd.

Då han var baby, babla han ikkje, altså, ingenting.

På 16 mnd kontrollen tok eg opp på helsestasjonen at han enda ikkje hadde lært seg eit einaste ord. Helsesøster meinte han var sein, men ikkje unormalt sein. Ho ville vite kor mykje han forstod, og vi vart litt stumme, for det er det som bekymra meg. I barnehagen seier dei at dei ikkje har tenkt på det, for når dei skal ete, kjem han bort til bordet, og han skjønar når han skal leggje seg. Det ser vi også, men vi ser også at han nok forstår det ut frå konteksten framfor å forstå det munnlege språket.

No, to mnd seinare, Hardanger hatt svært liten utvikling. Han har fortsatt ingen ord, bortsett frå sss eller iss for "lys". Han kan visa kor stor han er når vi spør han og han kan vinka og klappa når vi spør. Elles kan han peike på ein elefantfigur vi har, men ikkje på bilete av elefant, han kan svare på kva elefanten seier. "Ooo". Han seier "pappa", men ikkje spesifikt om meg, men til alt mogleg.

Det som er rart, er at han ikkje ser ut til å vite / peike på kven som er pappa og mamma, ei heller bror sin. "Henne e mamma?" Gir ei peiking i ei vilkårleg retning, men han kan peike på lys når vi spør "henne e lys?".

Dei siste to vekene har humøret hans endra seg kraftig, frå å nesten alltid vere blid til å vera sur nesten heile tida. Dette seier dei også i barnehagen. Vi opplever at han ikkje føler seg forstått, men til alt han vil, seier han berre "æææ" og strekker seg mot det han evt vil ha. Han er elles ein svært uroleg type, som ikkje likar å sitje i ro, men han søv stort sett godt.

Får vel nemne at storebror var veldig tidleg ute språkleg, og prata flytande før han var 2. Kan også nemne at minsten som eg er litt bekymra for hadde ein veldig tøff fødsel, der han stanga fordi opninga ikkje var stor nok og sat fast med hovudet ute veldig lenge.

 

Eg veit at mange barn er lagrarar, og at det er heilt normalt. Det eg lurer på er om det er andre her som har vore i same situasjon ifht tilsynelatande mangel på språkforståing, og korleis det vet har gått...

 

Takkar for alle svar :)

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Autocorrect her og der, ser eg. Håper de forstår likevel :)

Hardanger = har han...

Skrevet

Hei Nico!

 

Jeg tror det er stor sjans for at bekymringen din er ubegrunnet. men jeg ville uansett bestilt time hos fastlegen og fortalt at dere er bekymret for hørselen til sønnen deres. Fastlegen vil da henvise til øre/nese/hals-spesialist. Ulik ventetid rundt om i landet, men beregn noen uker/mnd.

Det er vanskelig og ta hørselstest på så små barn, men ørelegen kan finne ut om barnet har væske i mellomøret. Dette er svært vanlig og går ofte over av seg selv. Hvis ikke er det mulig og få satt inn dren (når barnet veier minst 10 kg, dette grunnet narkose). Væske på mellomøret kan gi midlertidig nedstatt hørsel.

Lykke til!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...