☆☆☆ Skrevet 18. november 2013 #1 Skrevet 18. november 2013 Det vart igangsettelse dag 10 pga minkande fostervatn. Starta med ballong kl 10 på laurdag, den kom ut rett før 16. Så då vart det cytotec, første kapselen gav magert resultat så kl 23 fekk eg ein til. Ca kl 1 hadde eg rier med 3 minutt mellom og kl 2 gjekk vatnet. Frå då av var det veldig intenst, riene kom med 1-2 minutt mellom, eg fekk blodtrykksfall og epiduralen kom på plass då smertene var grusomme. Diverre virka den berre på ei side. Allerede på 7 cm hadde eg sterk pressetrang og klarte ikkje la vere å presse. Men eg kjende fort at pressinga var forgjeves. På 10 cm var eg aldeles utslitt og ba om hjelp med sugekopp. Det vart gjort, og då ho kom ut viste det seg kvifor pressetrongen kom tidlig og at det ikkje hjalp at eg trykte; eg fødte ein stjernekikker! 05.47 på søndag var ho her. Pga all pressinga fekk eg ei djup innvendig rift, sjølvsagt på den sida som ikkje var bedøvd Det vart ein time med sying innvendig før dei gjekk laus på eksteriøret. Babyen er super på alle måtar, snill og tålmodig. No ventar vi på barselbesøk frå storesøster, det skal bli spennande å sjå korleis ho tek imot den lille
Anonym bruker Skrevet 18. november 2013 #4 Skrevet 18. november 2013 gratulerer =) og... AU =/ Anonymous poster hash: a74c4...6b1
minion Skrevet 18. november 2013 #7 Skrevet 18. november 2013 Gratulerer ★! Har venter på innlegg fra deg :-)
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå