Gå til innhold

Drømmefødsel - lillebror er født - langt men hyggelig


Anbefalte innlegg

Mandag 06.08. hadde eg huset for meg sjølv, vaska og rydda og ordna dei siste småtinga som skulle ordnast før lillebror skulle komma. Hadde termin 15.08. Storebror og pappa hadde vore ei veke borte på fisketur og tur til farmor, slik at eg hadde kvilt meg og gjort det eg orka og ville i 1 veke. Henta dei på Gardermoen litt før kl.17.

 

Hadde dagen før sett det eg trudde var slimproppen og hatt litt småblødninger nokre få gonger etterpå, men ikkje tenkt at det var noko å bry seg med.

Hadde store delar av mandagen kjent mykje nedpress og hatt blærekapasitet tilnærma lik 0, men ingen tydelige tegn på at noko kom til å skje med det heilt første.

 

Vel heima i Oslo att etter henting på flyplassen vart det middag i full fart, og det var då eg kjente at det kanskje var noko i gjære...var det rier? Ikkje så kraftige, men relativt hyppige - 6-7min mellom, og kortare for kvar gong.

Me fekk ringt ABC Ullevål og fekk beskjed om å komma etterkvart for ein sjekk i det minste. Pappaen ringte barnevakten og fekk henne til å komma (som var der ca 1t etterpå).

 

Fekk ete middag, fått storebror i seng og gitt barnevakten (tante) instruksjoner m.m. og sjekka at storebror sov før me kom oss i bilen kl.20.55.

Vel framme på ABC Ullevål kl.21.15 (i følge jordmødrene) fekk me velge fødestove, då alt (merkelig nok) var tomt. Valgte samme som med storebror (der han kom til verden for vel 3,5år sidan).

 

Jordmor sjekka korleis det stod til - 5-6cm åpning og tydelig vannblemme (som ho sa). Ho tappa i badekaret og eg kom meg oppi der. Pappaen brukte dusjen med massasje på korsryggen og var der støttande heile tida. 2 jordmødre med god tid, verdens beste pappa - kunne ikkje vore bedre....

 

Stod på alle 4 meste parten av tida...riene tok seg opp til å bli både svært kraftige og hyppige like etter at eg kom i badekaret...pressrier like etterpå. Fekk svært gode instruksjoner frå jordmødrene om når slappe av, når trykke, når pese-puste som ein hund og slikt....ikkje mas, kun god hjelp og støtte. Fekk heile tida informasjon om framgang, og kjente det også godt sjølv.

 

Kl.21.59 (ca 30-35 min etter eg kom opp i badekaret) vart lillebror født. Ikkje ei lita rift - litt sliten og øm i bekkenet sjølvsagt, men det hadde aldri vore aktuelt med akupunktur for smertelindring slik eg hadde sist, hverken behov eller tid...

 

Gutten vår var frisk og rask - god lyd og våken - vog 3280g, var 48cm lang, hodeomkrets 35cm og hadde masse mørkt hår. Kroppen var dekka av vokslag fremdeles, så han var nokså kvit og glatt....kanskje derfor han kom så lett ut...

 

Litt etterpå fekk han pupp for første gong - sjølvsagt lite å hente med ein gong, men han var aktiv og interessert.

 

Rundt kl.23 flytta me over til hotellrom i samme gangen, og kunne der stella oss (pussa tenner m.m.), legga oss og prøva sova - lillegutt sov på pappaen sin ei stund, og eg låg våken og såg på...sov litt seinare eg også etter ny runde med pupp - då låg lillegutt på mitt bryst og sov.

 

Rundt kl.6.30 vart det morgenstell på badet for meg - deilig å få ordna seg litt og tatt på vanlige klær...(ammetopp og treningsbukse). Kl.7 åt me frokost på rommet og hørte så når me kunne få dra heim. Måtte vente til barnelegen hadde vore der kl.9 og så måtte me ha utreisesamtale - og ja...innkomstsamtale...(vart slått saman).

Litt over kl.10 drog me frå sykehuset og var heima ca 10.30. Storebror og tante var sjølvsagt varsla - og tok godt imot oss - lunsj heime og hyggelig prat.

Tante drog etter eit par timar...

 

Litt seinare samme dag hadde me vår første tur ut med vogn - gjekk ein tur på nærmaste butikk (ca 5min unna) for å kjøpa litt til middag. Deilig temperatur og godt å få litt frisk luft.

 

Var på kontroll på sykehuset att i dag (div blodprøver, hørselstest, lytta på hjertet, kontrollvekt) som var for tidleg å sjekka då me drog. Alt vel.

 

Lillebror vog 3080g og har god apetitt og får rikelig med mat.

 

Me koser oss og nyter tida. No er storebror i barnehagen og pappaen ein snartur på jobben (hadde planlagt med termindato - så det var eit par småting han måtte fikse). Deilig å ha så bra form (sjølv om det er masse slark i bekken og mangel på sterk muskulatur i både bekkenbunn, mage og rygg) - og ikkje vera utslitt etter hverken graviditet eller fødsel.

 

Fekk høyra at eg var "skapt til å føde barn". Jordmødrene kunne gjerne ta ein slik fødsel til same kveld meinte dei....(he, he, he)...

Fortsetter under...

Annonse

  • 2 uker senere...

Gratulerer så mye med lillebror!

 

Jeg hadde en lignede fødsel noen timer etter deg - på nettopp ABC. Her kom også lillebror kun 40 minutter etter at vi ankom ABC. Så jm fikk oppfylt ønsket sitt om en lignede fødsel samme kveld/natt ;D

 

Tror vi skal være takknemlige for at vi har det så "enkelt" - måtte alle ha det slik! Kos deg videre med store og små!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...