Gå til innhold

Oppdatering etter mola


alfa-helix

Anbefalte innlegg

Hei;

Lenge sidan eg har vore her no, men har fortsatt eit behov for å komme innom å lese litt, håpe på suksesshistorier og no også å komme med ein liten oppdatering om min situasjon. Det er rart....men det hjelper ofte å "skrive frå seg her".

 

Min aborthistorie starta i januar 2010. Frå før har eg 2 herlege barn frå 2001 og 2005. Mista 2 gangar i SA og 1 i MA i 2010; deretter ei lang stoffskifteproblem og mageproblem-historie, før eg igjen mista no i februar 2012. Er rukket å bli 35 år, snart 36....

 

Den siste aborten min vissnok ikkje ein abort med ein komplett mola; eg hadde kun hørt om det før fordi nokre få av dykk har opplevd det og skrevet om det her. Mola er alltså (viss eg har fortått det rett) når kroppen lagar seg ein "gravid tilstand" med morkake og det heile, men utan egg. Det er kun fars arvemateriale som blir funnet ved genetisk undersøking. RART!!! Fosteranlegget blir karakteristisk som ein slags drueklase, og det skal vere lett å diagnostisere vha ultralyd. Det vart ikkje oppdaga på meg med ultralyd, men 7!!!! veker etter utskraping fekk eg ein telefon om at eg hadde hatt dette. Etter 8 veker var hcg gått ned til 0.......dermed fekk eg ein "karantene" på 6 mnd før eg kan bli gravid igjen, med månadlege testingar av hcg (som då skal vere negative). Eg får absolutt ikkje bli gravid. Viss hcg går opp så kan det bety at delar av molaen var igjen, har festa seg på livmorveggen og begynt å vekse igjen. Tanken er skummel, men sjansen visstnok liten.

 

I starten av karantenetida var eg nervøs og redd og lei og sint. I mellomtida fekk mange veninner barn igjen. Det er vanskeleg å forklare kor urettferdig ein føler at det er. Eg har jo tross alt 2 barn frå før! Tida går, og eg føler den går frå meg. Var 33 år når eg begynte å prøve på nr 3; er no snart 36. Mannen er ikkje villig til å prøve igjen, men eg kan ikkje gje meg. Eg har ikkje gått gjennom dette for å gje meg! Men når skal eller bør man gje seg? Det fører ikkje akkurat til auka livskvalitet å prøve og prøve og prøve......med ein konstant angst for blod og smerter og for å miste igjen har det nesten vore godt å ikkje prøve på ei stund!!! Eg er redd eg kjem til å bli "gal" og tvinge mannen til å bli med på dette vidare.....må j og nevne at alle desse abortane (det har i alle fall skjedd etter abortane) har gjort at eg har utvikla ein slags angst for at det skal skje meg, mine kjære og spesielt barna mine, noke. Søv kun godt når alle er samla i huset og kan kun slappe av på dagtid når eg har kontroll over alle. Ikkje morsomt i det heile tatt å vere så redd.

 

Det er ein liten fordel med molaen. Det er at mine "gynekologiske" problem no blir tatt på alvor og eg har fått ein "direkte" link til sjukehyset. Viss eg skulle bli gravid igjen ein gang så kan eg ringe dit, få akutt-time, bli oppfølgt hyppig med ul (pga mola-oppfølging) og evt får andre medisinar.

 

2 månader igjen av karantenetida med hcg-testing. Etter det: kven veit?

Fortsetter under...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...