Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Eg har en gutt på 9 veker, som får MME. I starten delamma eg, men mista melka når han var 4 veker og har gitt berre erstattning dei siste 5 vekene.

 

Han ha hatt fin avføring og hatt avføring 1-2 ganger daglig. men i det siste har det endra seg. Avføringa har blitt lausare og det kan komme opptil fem ganger om dagen Den har og hatt varierande farger, og i dag var den helt grønn! Han promper og mykje.

 

Endringa kom omtrent samtidig som vi starta med tran, så eg trudde det kunne vere en reaksjon på det, men nå har han ikkje fått tran på halvanna veke uten at det har blitt betre.

 

Har ikkje tenkt så mykje over det, fordi han er i så godt humør og sover godt, så virker ikkje ut som han har mykje magevondt. Har i det siste vorte litt meir urolig når han jobber med å fylle bleia, men ikkje noko mykje.

 

Vi har gitt NAN hele tiden. Kan det vere merket han reagerer på, når det hikk bra i starten? Andre som har tips og erfaring om hva dette kan vere?

Eg er sjølv laktoseintolerant, så er bekymra for at han skal ha arva noko slikt..

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/143950029-mme-og-avf%C3%B8ring/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Aner ikkje kva det kan vere, me så lenge han virker glad og nøgd og legg fint på seg ville eg ikkje uroa meg :)

 

Når det gjeld laktoseintoleranse så er det særs sjelden hos barn under 1 år, vanlegvis starter det rundt 3-årsalderen. Laktose er eit mjølkesukker som vert spalta av enzymet laktase i tarmen, og intoleranse oppstår når laktaseproduksjonen blir for låg i forhald til laktoseinntaket.

 

Grunnen til at det sjelden er laktoseintoleranse hos barn under 1 år er at dei et mykje mjølk, og det ville vere evolusjonsmessig ugunstig om dei var laktoseintolerante....

 

Merk at det ER nokre få småban som er laktoseintolerante, men det er altså sjeldent og sjølv om du har laktoseintoleranse så er det ikkje gitt at det er nokon samanheng mellom det og babyens avføring.

  • 4 uker senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...