Tøtto&lillebror Skrevet 6. september 2011 #1 Skrevet 6. september 2011 Eg har ein liten gut på nesten 5 månader, og i helga har eg lyst å vera me familien min på den årlige sauesamlinga. Eg har vore med med storesøster( ho var 8-9 mnd første gong), og det har vore stas. Det eg er usikker på er bekledning. Det ser ut som det kan bli regn til helga, og eg har ikkje regnkler til ein så liten, men har regnkler i størrelse 1 år. Skal eg bruka den, eller ha poncho over oss begge? Eller er det best å ikkje vera med i det heile? Nokon med erfaring på dette område? Det eg lure på er vel òg om det er forsvarlig å ta med ein 5 mnd gamal gut i maitai på sauesamling, og gå i timesvis?
lillenims Skrevet 7. september 2011 #2 Skrevet 7. september 2011 Eg ville kledt han i ull, ull og ull, og hatt poncho over dykk begge - klipp evt større høl om det trengs. Pass på å ha med tørre skift til han (pakk i plastpose). Du kan jo ta med regnkleda til han òg, så kan du vurdere undervegs. Vurder undervegs om du skal gå vidare. Hugs at du er berre halvvegs når du evt bestemmer deg for å snu Eg ville ha avtalt med nokon andre at dei òg skulle snu saman med meg, men eg er litt pinglete når det gjeld å gå aleine då. Men om det ikkje er mobildekning ville eg ikkje gått aleine, trur eg. (Viss det er mobildekning så kan du ringe "heim" og avtale at nokon kjem i mot deg, evt at dei kjem om du ikje er heime til ei viss tid og ikkje tek telefonen.) Er det hytter eller noko der de går som det går an å kome seg inn i i naudsfall eller om det berre er kaldt og surt? Iallfall kjekt å sleppe bleieskift ute, men òg om de berre er kalde. Antar du ammer, og det vil du vel gjerne òg gjere inne (hugs uansett ammeinnlegg av ull så du ikkje blir kald). (Om du gir flaske så ville eg droppa det, trur eg. Det blir mykje å drasse på.) Pass på å gi han mat ofte nok. Ikkje gå "litt til", det er ikkje kult å gå med ein grinete og svolten unge på magen. Sjølvsagt må du vurdere vermeldinga når det nærmer seg. Særleg vind, den gjer det mykje kaldare. Men eg går ut frå at det har vore regn og surt på ei og anna sauesanking før òg
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå