Gå til innhold

Verdas vakraste jente er født!


Meg1972

Anbefalte innlegg

I alle fall syns foreldra ho er verdas vakraste - men me er vel inhabile :-)

 

Eg har ikkje vore så aktiv her inne i svangerskapet, men har ofte vore inne og lese. Var meir aktiv då me dreiv på med prøverøyrsforsøka i 2010.

 

Veslejenta vår er resultat av 4. prøverøyrsforsøk. Etter eit problemfritt svangerskap kom ho til verda 20. august. Fødselen gjekk raskt og greit utan kompikasjonar undervegs eller etterpå. Ho vart født 6 timar etter at me kom inn på sjukehuset.

 

No har me vore heime ei god veke og kosar oss. Jenta er snill og roleg. Utruleg nok har ho allereie sove rundt fleire netter! Me reknar ikkje med det varer, men det er veldig godt for oss ferske førstegongsforeldre å få ein god start heime med overskot etter god nattesøvn.

 

Me er heldige og takknemlege for at me får oppleva gleda med å verta foreldre!

Lukke til alle andre slitarar - måtte alle få oppleva dette!

Fortsetter under...

Gratulerer så utrolig mye med det vakre miraklet deres:) Husker deg veldig godt fra tiden her inne.....

 

Hva er de vitale målene på den lille Prinsessen da??? Kos dere masse videre i den fantastisk tiden....

 

Varm klem fra meg

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...