Gå til innhold

Uke 34 og seteleie :/


Anbefalte innlegg

Var på kontroll hos legen i dag og lillegutt som snudde seg fra hodeleie til seteleie for 2 uker siden ligger fortsatt i seteleie, så nå har legen min bestilt ny UL til meg.. De skal også forsøke og få snudd han tilbake til hodeleie i uke 36, hvis det ikke går så blir det enten setefødsel på meg (hvis de finner ut at det er noe jeg kan klare) eller så blir det keisersnitt.. Årh, og jeg som hadde så lyst på en naturlig fødsel denne gangen også :(

Jeg får krysse fingrene for at de klarer og få snudd han i tide :)

 

 

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/143323913-uke-34-og-seteleie/
Del på andre sider

Fortsetter under...

De har mistanke om seteleie her og :( Slak på ekstra UL for å sjekke hvilken vei hun ligger, i tillegg til at de skal se hvor stor hun har blitt...

 

Hun er tydeligvis blitt ganske stor etter målene jordmoren tok av magen, så ligger hun i seteleie og er stor kan jeg trygt vinke farvel til naturlig fødsel :(

 

*vil ikke ha keisersnitt*

Jeg er i uke 37 og er i samme situasjon. Jeg venter på time for UL. Dette er nr 2. Nr 1 veide 4040 og måtte tas med vakum, så jeg føler meg litt usikker på setefødsel, men jeg kjenner at jeg blir stresset av tanken på KS også.

 

Får virkelig håpe og krysse fingre om at nurket skal snu seg i siste lite. Man vet aldri.

 

Lykke til jenter :)

Jeg er også i uke 37 med baby i seteleie. Både lege og jordmor har sagt hodeleie på alle kontroller, men på ultralyd for to uker siden lå hun med rompa ned, gitt. Jordmor hadde to minutter tidligere sagt motsatt, så det er tydeligvis lett å ta feil! Var forøvrig på ultralyd pga lite liv og magesmerter, så det var tilfeldig at de oppdaget seteleie.

 

Nå skal jeg på ny ultralyd om en uke for å sjekke om noe har skjedd, men det kjennes ikke sånn.

 

Jeg er førstegangs, og har lyst til å unngå keisersnitt hvis mulig. Satser på at et vendingsforsøk gjør susen. Eller helst at frøkna selv snur seg. :)

 

Lykke til, alle sammen!

Hadde mistanke om seteleie frå ca v 30 sjølv, då eg kjende ei veldig hovud-liknande kule oppunder ribbeina, og mykje spark og rørsle lenger nede i magen. På UL v 32 vart dette bekrefta (sjølv om 2 jordmødre kjende på magen min i v 31 då eg uttrykte bekymring for seteleie, og båe avkrefta at det var tilfelle...). No skal eg til vurdering hjå fødselslege i v 36 (i morgon). Dette er mitt fyrste barn, men trass i estimering til normalvekt (3600g) ved fødsel er eg ikkje mykje lysta på vaginal fødsel i seteleie, pga eit antal artiklar eg har lese her på nettet som syner signifikant auka risiko for hypoksi (oksygenmangel) hjå fosteret under fødselen, med dei konsekvensar det kan føre til. Veldig mange planlagde fødslar endar også med hastekeisarsnitt, og då vil eg heller ha eit planlagt ks.

 

Vart kjempeskuffa då dette vart oppdaga, då eg hadde "gleda" meg til og veldig innstilt meg på ein fødsel - men når eg har hatt tid til å tenkje og tale med mange ulike om dette, synest eg keisarsnitt verkar som det tryggaste alternativet for babyen sin del. I utlandet forstår eg det som at vag.forløysing ved seteleie er eit absolutt unntak (skjer berre når det vert oppdaga "for seint").

 

Men, det vert interessant å høyre kva legen seier i morgon! Viss det går an å prøve vending, vil eg veldig gjerne det!

"Godt" å høre det er flere i samme situasjon. Er selv 36+3 og lillegutt ligger i seteleie og har gjort det i over en måned. Skal inn på sykehuset å ta UL på tirsdag. Føler det samme som deg i din vurdering angående ks vs setefødsel. Føler meg snytt for fødselsopplevelse om det blir ks, men vil jo selvfølgelig velge det tryggeste alternativet. Jordmor sa til meg at det er ikke er alle sykehus som prøver å "snu" babyen. Håper du kan skrive litt om hvordan det går i morgen og hva de sier...Om babyen snur seg i tide går det vel an å føde vanlig og avlyse keisersnittet!? Lykke til i morgen.

Annonse

Jeg var på ultralyd i dag, og siden forrige ultralyd for 3 uker siden har lillefrøken snudd seg med hodet ned! Ble så lettet! Er 37+1 i dag. Har ikke merket at hun har snudd seg heller, så jeg ble så overrasket.

 

Håper babyene deres også finner ut at hodeleie er lurt. Hvis ikke går det helt sikkert veldig fint uansett.

Phu, endelig har lillegutt forstått at hodeleie er tingen :D

Han har snudd seg tilbake til hodeleie nå og ligger visstnok ganske godt nedi bekkenet også, så de regner med at han fester seg snart :D

yessss, da blir det vanlig fødsel på meg denne gangen også :D

Oppdatering! (NB Har posta dette innlegget også på 3. tri og seteleiedebatten).

 

Eg var på kontroll hjå gynekolog på sjukehuset Telemark i dag (er i veke 36), 4 veker etter siste UL, og vesla låg som forventa framleis ganske så elegant med rompa ned...

 

Då seteleie vart oppdaga på UL i v 32 vart eg veldig skuffa - svangerskapet hadde gått så fint og eg hadde byrja førebu meg mentalt og fysisk på fødsel. Eg såg fram til fødselen med spenning, men veldig positiv innstilling og "dette greier du!" - og så BOMS, kom dette på og alt vart annleis.

 

Dette førde til at eg las det eg kom over av sakleg (og ein del usakleg..) info om seteleie og -forløysing (sjå "seteleiedebatten" her inne, gå til kjeldene og les "Nordlandsstudien", "Stavangerstudien" og "Term breech trial" - dette er vitskaplege artiklar som gjev best mogeleg bakgrunnsinfo, både for vår eigen del, og ved samtale med jordmor/fødselslege seinare).

 

Fyrst var eg veldig innstilt på at å føde, det ville eg! Men når eg såg korleis internasjonale studiar konkluderte med signifikant auka risiko for hypoksi (oksygenmangel) hjå foster under fødsel i seteleie, med dei potensielle konsekvensane det har (det skal ikkje gå mange minutt utan oksygentilførsle til hjernen før det får konsekvensar - til dømes cerebral parese), minka lysta. I tillegg viser det seg i den eine norske studien, at over 40% av planlagde vaginale forløysingar ender i keisarsnitt. Dette vert nødvendigvis hastesnitt, fordi fødselen stoppar opp, fosteret får det for tøft osb, og eit hastesnitt er eit ganske anna inngrep enn eit planlagt ks (både mentalt for mor og far, i forhold til anestesi, andre pre-operative førebuingar, td mtp infeksjonsfare, og med mykje større risiko for blødingar hjå mor).

 

Konklusjonen kort oppsummert, slik eg har forstått det, og dette stadfesta gynekologen/fødselslegen eg tala med i dag - vaginal forløysing medfører størst risiko for fosteret, keisarsnitt størst risiko for mor. Sistnemnde er serleg med tanke på bløding, infeksjon, og potensiale for å måtte ha ks ved seinare sv.skap pga arrvevet etter 1. ks kan gje placenta praevia, mellom anna.

 

Då eg kom til gynekologen i dag, sjekka han at vesla framleis ligg i seteleie, og kor stor ho er/vil bli. Vektestimatet ved termin 21. juli kom på ca 3500g. Altså kjem me i gruppa som KAN føde seteleie (trur dei fleste sjukehus set grensa ved ca 4200g, pluss/minus). - og spurde så "Vil du føde i seteleie, da?". Eg vart noko skuffa over at han ikkje kom med nye moment i vurderinga av fødsel/ks i løpet av samtalen, men eg var tydelegvis godt nok orientert frå før - så valet var i all hovudsak mitt.

 

Vending var ikkje noko dei gjorde ofte ved sjukehuset Telemark; dei kunne gjort det om eg hadde vore veldig, veldig oppsett på det, men som han sa, var det jo risikoar ved dette også (navlestreng i surr, morkakeløysing, kan ende med hastesnitt. Og ofte kan dei visst snu seg attende att ganske fort etterpå...)

 

Så det endte med at eg vart sett opp til planlagt ks, 1-2 veker før termin. Dette er mitt fyrste svangerskap. Hadde eg fødd vaginalt før, kan det hende eg hadde valt annleis.

 

Dette er eit frykteleg vanskeleg val - hadde eg visst at fødsel hadde endt vellukka, berre med noko meir påkjenning og smerte for meg, hadde eg valt det. Og hadde eg kome i fødsel med uoppdaga seteleie, måtte skjebnen berre råde. Men når eg i dag sit med eit reellt val - tenk om eg då vel ein fødsel som vert langtrekt, vanskeleg, og ender med at veslegullet vårt får ein hjerneskade, cp, som direkte konsekvens av oksygenmangel under fødselen. Du kan seie kva du vil, men eg VILLE følt at det var mi skuld, nettopp fordi det var eg som tok valet. Og det ville vore ein frykteleg tung byrde.

 

Så vel eg då alternativet med mest risiko for meg sjølv - bløding, infeksjon, blodpropp, post-operative smerter, potensielle problem i seinare svangerskap - slik naturen har skapt oss med morsinstinkt og -kjærleik som overgår det meste anna :-)

 

Lukke til, til kvar og ein av dykk andre - og skriv gjerne her om korleis det går og kva de bestemmer dykk for! :-)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...