Gjest Skrevet 2. mars 2011 #1 Skrevet 2. mars 2011 Av og til har eg tullesyklusar. Eg brukar ladycomp (temp), og dermed veit eg når eg har EL, og det blir bekrefta når EL er over. Men, så er det desse tøysesyklusane då...då blir det kun raude lys i evigheiter, uten at det blir noko bekrefting på at EL faktisk har vore, men at det truleg har vore. Denne syklusen er at den tøysete sorten. Misstenker at EL var 16.februar, men det kunne ikkje bekreftast. Min kjære kom heim 19.februar, og dermed litt prøving då. Men litt redusert grunna eit "arbeidsuhell" med juvelane. Uansett, for nokre få dagar sidan fikk eg endeleg grønt lys igjen ("trygg" dag), så EL må ha vore ein gong mellom 13.febr og 27.febr. No kryssar eg fingrane for at det klaffa med tidspunktet. Trøtt som eit fly er eg, men det kan kome at så mangt. Humørsvingingar tells ikkje, då eg alltid har humørsvingingar:P (haha, eg er hormontroll delux til vanleg). Men i dag har eg vore litt kvalm/ubehag i magen, og siste timane vesentleg sterkare. Så kom eit liiiite håp då. Sjølv om eg instiller meg på TR, for å ikkje bli altfor skuffa.(kan legge til at eg ikkje var kvalm i forrige svangerskap, anna enn ved raske/store måltid). Dilemmaet: har kun _ein_ test liggande, og den er atpåtil ein digital med ukesidikator, så eg vil ikkje "sløse" den vekk. (og eg har unngått å bestille testar på nett, då eg ikkje vil bli testoman, igjen). Om EL ikkje var før rundt 27.febr. så kan TR vente med å dukke opp fram til ca 13.mars. Men om EL var tidlegare, så er eg på/over/rett før IKM. *gaaah!!* At noko så sjølvsagt må vere så komplisert:P Lurte på å teste til helga om TR ikkje dukkar opp,men med kvalma i dag, så fristar det litt å teste i morgon eller overimorgon... (for skal i nærheita av apotek fredag, og kan kjøpe ny test om nødvendig). Kva ville andre gjort? Og kvifor? Har ikkje lyst å bli skuffa, men merkar jo at håpet har begynt å kome snikande..kanskje lurt å teste for å roe ned forhåpningane? Det skal jo ein del til at det klaffar, når vi kanskje var etter EL, og at det vart lite prøving før vi vart "satt ut av spel". Og så mykje flaks har eg nok ikkje. (ditta vart utruleg langt, men det hjelper litt å lufte tankane på nett:) Så tusen takk!)
Gjest Skrevet 2. mars 2011 #2 Skrevet 2. mars 2011 ..Og etter eit slikt innlegg, så dukkar vel TR opp snart. Er det ikkje slik det pleier å gå? ;P
*Sammy* Skrevet 2. mars 2011 #3 Skrevet 2. mars 2011 jeg hadde venta til TR ikke dukka opp, skal gjøre det selv, har en test liggende, og har ikke råd til å bruke 1000 pluss på tester Eller anser det som unødvendig.. Jeg er bare 3 dpo, men føler meg gravid, har sånn press i livmora som ikke gir seg på 3 dagen nå, og det mener jeg å huske fra sist jeg var gravid.. Er vel tidlig å få symptomer , men hadde bra med symtomer i alle mine svangerskap lenge før ikm. Blir spennende dette, har ikm rundt den 13 tenker jeg ! Lykke til
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå