Ranveig R Skrevet 1. mars 2011 #1 Del Skrevet 1. mars 2011 5-åringen er mykje sur i mange, for ikkje å seie dei fleste, samanhengar i løpet av ein dag. For å ta dagen i dag: * sur i morges fordi han ikkje fekk sjå barne-tv (noko han får stort sett berre i helgene) * sur då vi skulle ete frukost, sjølv om han fkk velge kva han ville ha (gryn og melk) * sur då han og søstera skulle vere med meg på trening (betjent leikerom, det eg *veit* at han har det kjekt) * sutrete då vi gjekk derfrå, krangla med søstera (3 år) i bilen, sur fordi han ville sitte i bilen og ete matpakke (noko vi og gjorde) * sur då vi ikkje kunne dra i teateret med ein gong (måtte vente til faren var ferdig på jobb), klengete og sutrete den timen vi var på biblioteket (eg sat heile tida og leste for han og søstera) * slepte beina etter seg ut i bilen igjen * I godt humør(!) dei 15 min vi sat i bil saman med ein kamerat av han * klaga og sutra over at han "E SÅ SLITEN!" etter å ha gått 200 m frå parkeringshuset til Burger King (<-- ikkje normal middag altså ;p) * sutra fordi det var ketchup på burgeren, sjølv om eg tok vekk alt * klagde og sutra fordi det var for lenge til teateret begynte * sutra då vi gjekk til teateret (kanskje 300 m), han var SÅ sliten i beina * sur og grinete mens vi venta på å komme inn: "Åååh, må vi vente FOR ALLTID her eller?" * Såg ut til å like teaterstykket bra, sjølv om det var litt skummelt på eit tidspunkt * SÅÅÅ sliten i beina på frå teateret til bilen (kanskje 500 m), drog beina etter seg så eg omtrent måtte dra han med meg * Blei kjempesint då eg foreslo at han skulle ringe mormor for å fortelle om teateret (dei snakka om det i går og han lovde ho å ringe), sutra heile vegen heim fordi eg sa han måtte ta ein kjapp telefon for å holde løftet sitt (han slapp å snakke, mormor var utan dekning). Kunne fortelle meg at han ikkje trengte å ringe fordi han huska ingen ting av stykket og dessuten var det KJEDELIG. * sur då pappaen skulle legge han, i staden for eg (pleier å vere annankvar kveld, i dag var det hans tur) Og så vidare i det uendelege. Kjempesur om morgonen, vil ikkje i barnehagen, vil ikkje på butikken, vil berre vere heime, sjølv om han tidlegare har sagt at han vil vere med. Sitter og surmular ved så å seie alle måltid, blir møkksur når vi prøver å invovere han i å bestemme f.eks. kva vi skal lage til middag. LIKAR ikkje ditt, har sluttet å spise datt. Orkar ikkje, eller "klarar ikkje" å kle av og på seg yttertøy sjølv Dvs han gjer det, men under store sutreprotester. I tillegg er han ganske følsom, og blir lett lei seg. F.eks. begynte han å grine fordi Hello Kitty'en på leike-pc'en til søstera var så søt. Og begynte å grine fordi piñata'en på karnevalet blei ødelagt (han VEIT jo at det er poenget, for å få tak i godteriet), osv, osv. Reint fysisk sett så er han ein roleg gut. Springer litt rundt ute i barnehagen men er ikkje veldig aktiv i forhold til mange andre. Er tynn (småspist, han likar jo ingen ting), men det har han vore sidan han begynte å gå. Veldig bleik, men det har han og vore alltid. Då han var baby spøkte vi med at vi hadde gløymt å krysse av for pigment i bestillingsskjemaet. Han søv ikkje spesielt mykje, har aldri gjort det. No ca 9-10 timar i døgnet, på det meste drøyt 12 t i døgnet som nyfødd. Mykje sliten, seier han. Har aldri hatt det gøy i bhg (seier han), alt han har gjort der er enten kjedelig eller hemmelig. Har fleire gode vener i bhg, og både eg og dei tilsette ser at han har det kjekt der. Bhg har sagt at det er lett å merke kva humør han er i, og at han glatt kan sette seg på bakbeina der og, så det er ikkje berre med oss han er sånn. Det er like ille om vi er på besøk hos vener og familie. Vi prøver å vere så positive som mulig for å unngå ein vond sirkel, men dette begynner å tære skikkeleg på humøret. Kva i alle dagar kan vi gjere med dette? Tenker eg skal høyre med helsesøster (utan guten til stades), om ho tenker at dette er normalt, om vi eventuelt kan prøve ein annan "taktikk", eller kva som helst. Kva gjer eg gale? Har alltid trudd at vi er sånn ganske på rett spor med oppdragelsen, men noko må jo ha gått gale. For ein 5-åring ER ikkje sånn? Han har for øvrig alltid vore krevande, frå han var baby, via ein kraftig trassperiode frå 2-4 år (bedra seg då vi oppdaga dårleg syn og han fekk briller ved drøyt 3 1/2 år). Men frå ca 4-årsalderen har altså sinnet blitt til surhet i staden for. Og no er eg sliten av all negativiteten. Hjelp? Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/142970225-kan-nokon-hjelpe-meg-ang-ein-m%C3%B8kkasur-5-%C3%A5ring/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
metaMORfose Skrevet 1. mars 2011 #2 Del Skrevet 1. mars 2011 Med mating av baby mens jeg skriver, skal jeg prøve å svare )) Det var en detaljert beskrivelse du ga der. Jeg forstår godt at dere synes det er slitsomt med denne negativiteten. Det er jo mange ting som kan være "feil", og hvis man kan utelukke sykdom (eks jermangel, lav blodprosent osv som fører til at han synes dagene er et ork og som igjen gjør ham sur), så tror jeg antakelig løsningen ligger i et paradigmeskifte i heimen deres. Hvordan møter dere ham når han er sur? Hvordan møter dere ham når han klager? Hvordan møter dere ham når han sutrer? Som oftest får barn mer oppmerksomhet på negativ oppførsel, fordi den må man ta tak i direkte, enn på eksemplarisk oppførsel som vi voksne ofte tar som et pusterom. Mitt tips: - ingen oppmerksomhet på klaging eller sutring - overstrømmende oppmerksomhet på positiv oppførsel, latter og glede. Og så; dere må prate med ham. Det går an til å snakke med en 5-åring om oppførsel. Ikke start samtalen når han er grinete, men når han er i ro. Sett dere sammen og tegne eller noe, så dere ikke nødvendigvis ser på hverandre, og så kan du si at du har forstått at han har det litt vanskelig for tida, og at du har oppdaget det fordi han ikke helt har vært den glade og gode gutten du kjenner ham som. Du kan forklare ham at det er lov til å være både sliten og lei seg, men at det er viktig at dere snakker sammen hvis det er noe i veien. Og at problemer lar seg løse. Si for all del ikke alt dette samtidig, du kjenner gutten din og finner en måte å være fortrolig og få ting ut av ham på. Lykke til! Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/142970225-kan-nokon-hjelpe-meg-ang-ein-m%C3%B8kkasur-5-%C3%A5ring/#findComment-142970890 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Ranveig R Skrevet 1. mars 2011 Forfatter #3 Del Skrevet 1. mars 2011 Tusen takk! * Vi har ikkje utelukka at det kan vere noko feil i reknestykket med jern, vitaminer, blodprosent osv. Tenkte kanskje vi burde sjekka opp desse tingene ja. Hvordan møter dere ham når han er sur? Har alltid møtt han med vennlighet, og prøvd å forklare at det er ok å vere lei seg/i dårleg humør, men at ein likevel må følge reglane som gjeld i heimen (eks: Sitte ved bordet og smake på maten) Hvordan møter dere ham når han klager? Om klagen er f.eks. at han er sliiiiten i beina etter å ha gått to minutt (heilt vanleg) begynner eg med å oppmuntre han. "Joda, dette klarar du, du er jo så sterk i beina" (eller liknande). Når det ikkje fungerar går det over til "Du klarar jo fint å gå tur når du er i barnehagen" og når han parerer med at "Jammen eg blei ALT for sliten då og!" kjem dessverre irritasjonen ofte fram og eg småkjeftar fordi ein stor nesten-skulegut faktisk skal klare å gå ein tur på 5-10 minutt utan å sutre og klage heile vegen. Hvordan møter dere ham når han sutrer? Sutring overhører vi i stor grad. Om det ikkje gir seg har vi same taktikk på han som på 3-åringen; vi gir beskjed om at vi kan snakke saman når han er ferdig med sutringa, at vi blir slitne av å høyre på det. Men i alle desse tre problemstillingane kjenner eg at eg begynner å bli frynsete, og er ikkje lenger like tålmodig som eg har pleid å vere. Det er så veldig veldig slitsomt å gjere alt eg/vi kan for å glede guten og denne oppførselen er alt vi får i retur. Har prøvd å prate litt med han, men din tilnærmingsmåte ser bra ut, tenker eg må prøve noko slikt. Så langt har det blitt meir at eg snakkar TIL han, enn MED han, så då går han nok i forsvarsposisjon. Prøver eg å forklare at eg faktisk er for sliten av å høre på klaging til at eg orkar å gjere noko ekstra (f.eks. spele spel eller lese bok) om kvelden blir han berre lei seg, og eg føler eg berre fokuserer på MEG, og det blir jo feil det og. Vi jobbar aktivt med overstrømmande-ros-prosjektet og eg SER jo at guttungen suger det til seg. F.eks. har han nokre gongar kledd av seg og hengt jakka på knaggen, lagt hua i skuffa og stilt skoene fint opp på hylla heilt sjølv, for så å stolt kunne fortelle at "mamma, no har eg ryddet vekk alt tøyet mitt HELT uten at du sa det!" Og eg rosar og klemmer og kosar. Lillesøster fekk ei tid klistremerke for dobesøk, og då ville storebror og få klistremerker, så det får han når han kler av eller på seg alle klærne sjølv utan å sutre. Veldig stolt og får masse ros. I tillegg er vi ganske flinke til å rose når han f.eks. spør "mamma, kan eg få vann?" i staden for at han sutrar ut "HEY, eg har ikke fått noe å drikke!" Vi kan heilt sikkert jobbe meir med det, men eg trur vi har ros-delen nokon lunde inne. Det med å oversjå uønska oppførsel er litt verre sidan det som regel kjem når det er noko han faktisk MÅ vere med på (som måltid, kveldsstell, klargjering til bhg). Då må eg forholde meg til det, og eg kan ikkje berre la han holde på fordi det øydelegg eksempelvis måltidet for heile familien når han sitter og klagar gjennom heile måltidet. Hehe, eg har tydelegvis mykje å få ut i kveld, men no må eg komme meg i seng. I morgon blir det ein roleg dag i heimen, for å veie opp litt for ein aktiv dag i dag. Kanskje eg klarar å få meg ein prat med han i løpet av dagen. Igjen takk for synspunkt, det er veldig godt å ha ein plass å spørre! Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/142970225-kan-nokon-hjelpe-meg-ang-ein-m%C3%B8kkasur-5-%C3%A5ring/#findComment-142971115 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå