Gå til innhold

Eksem? (blir sikkert langt, kjenner eg meg sjølv rett - same som skravle)


Ranveig R

Anbefalte innlegg

Eg prøver meg her og. Det er ganske merkeleg - at uansett kva for "problem" ein har, så er det svar å få sjølv her inne som vi er temmelig få faste brukarar. Kanskje det er eliten som er samla her ;p

 

Lille (3 år) har hatt mange prikkar og ulike former for utslett gjennom livet. Sidan ho var rundt året har ho klødd og klort seg til blods tilsynelatande uavhengig av utslett. Det har vore mest kløing i nakken, og når ho er naken også på ryggen, baken og låra.

 

Ved 8-9 mnd hadde ho litt eksem i overgangen mellom rompe og rygg, men dette forsvann då vi gjekk over til tøybleier på fulltid (brukte tidlegare tøy oom dagen og eingongs om natta). Etter det har vi ikkje sett noko eksem.

 

Nokre gongar det siste året har ho fått bittesmå prikkar i ansiktet og på sida av anklane. Dei er så små som om dei skulle vere laga av ei knappenål, og må vere små blødningar i huden, sidan dei ikkje går vekk når vi trykkar på dei.

 

No dei siste dagane har lille fått nokre 1-3 cm store områder med slike prikkar tett i tett, på baksida av lårene og ved ankelen. I tillegg har ho fått ein ganske stor "ring" rundt knehasen på eine beinet. Det er slike prikkar rundt ytterkanten av ringen, innanfor der igjen er det litt tørr hud, men det tørre dekker ikkje heile området, berre langs kanten.

 

Kan det vere eksemet som har kome tilbake og flytta seg? Har dåke (med barn) som har f.eks. atopisk eksem sett slike prikkar? Korleis finn ein ut om det faktisk er eksem? Og korleis skal ein behandle det? Og er det vanleg å klø "over heile kroppen" sjølv om ein ikkje har synleg utslett?

 

Lille har vore kledd i ull "heile livet", må vi slutte med det? Vi prøvde med berre bomull ei veke eller to ei tid tilbake utan å merke bedring i kløen. Leser at barn med eksem ofte har allergiar og/eller astma. Lille hadde "barneastma" som ho har vokst av seg no (medisinfri sidan mai i fjor), ho har og hatt melkeallergi (strengt melkefri diett frå 17 mnd - nesten 3 år), men et no melkeprodukt (drikker ikkje rein melk). Er det grunn til å tru at det at ho no et melkeprodukt har samanheng med oppblussinga av eksem?

 

Blei masse spørsmål her, det er lov å svare berre på noko :o)

 

Prikkane ho har no liknar for øvrig veldig på desse, men er mykje tettare saman og begrensa til små områder på 1-3 cm i diameter. http://www.facebook.com/photo.php?pid=5390543&l=6ece22846b&id=670782526

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Har du sjekket NEL (norsk elektronisk legehåndbok) og sett under hud eks?

Ellers er vel det beste en tur til legen så han/hun kan få sett på utslett. Utslett kan være så mangt....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

disse prikkene hoeres ut til aa vaere petekkier og det er ikke eksem. Somregel skyldes petekkier en virusinfeksjon, men jeg hadde tatt henne til lege for sikkerhets skyld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sorry,sjekka opp i det nå og siden mannen min jobber i helsevesenet har vi visst abonnement. Ja, da hadde jeg heller gått gratis til legen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Ja, eg tenkte at det sikkert er det, men anar jo ikkje om det kan komme i forbindelse med f.eks. eksem.

 

Nevnte det for legen på barneklinikken då lille hadde desse prikkane første gong, og fekk beskjed om at det ofte kom pga overanstrengelse som igjen førte til surstoffmangel, f.eks. ved intens skriking eller hoste - og det har ho hatt mykje av (dog ikkje dei siste vekene). Prøver å huske meir kva legen sa, det var vel i mars i fjor eg snakka med ho trur eg. Mulig ho sa vi skulle snakke med lege om det kom tilbake igjen og igjen.

 

Blir vel ein tur til legen då. Greitt å få sett på det, og kanskje han har noko forklaring på kløen som ikkje ser ut til å vere direkte relatert til verken utslett eller tørre områder. Ikkje at nokon har hatt svar på det før til oss, men vi kan jo prøve igjen :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...