Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Same innlegg som på "gravide slitere" og "2. trimester":

 

Er det nokon her inne som har erfaring med PCO/PCOS og svangerskapsdiabetes?

 

Var hos fastlegen og tok diverse blodprøvar då eg var 11+0. Prøven viste for høgt blodsukker. Eg tok ny blodprøve (fastande) som også hadde for høg verdi. Legen har mistanke om svangerskapsdiabetes og eg skal ta sukkerbelastningstest på torsdag for å avkrefta eller bekrefta diagnosen.

 

Eg må seia eg ikkje er det minste overraska at eg hamnar i denne situasjonen. Eg har PCO og har lese meg til at kvinner med PCO har mangedobla sjanse for svangerskapsdiabetes (samt også auka sjanse for "vanleg" diabetes). Men hadde ikkje tenkt tanken no når eg endeleg vart gravid (etter 4. innsett med IVF) at dette skulle dukka opp.

 

Fastlegen sa at det er dei uoppdaga diabetestilfella i svangerskap som er problematiske. Hos meg vert det oppdaga tidleg og me kan gjera tiltak. Reknar med det må gå an å ha kontroll på dette!

 

Men fyrst må eg ta testen på torsdag og sjå om eg får diagnosen! Skulle ikkje forundra meg mistanken vert bekrefta. Er forresten 12+5 i dag :-)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...