Meg1972 Skrevet 13. februar 2011 #1 Del Skrevet 13. februar 2011 Var hos fastlegen og tok diverse blodprøvar då eg var 11+0. Prøven viste for høgt blodsukker. Eg tok ny blodprøve (fastande) som også hadde for høg verdi. Legen har mistanke om svangerskapsdiabetes og eg skal ta sukkerbelastningstest på torsdag for å avkrefta eller bekrefta diagnosen. Er det nokon som har erfaring med svangerskapsdiabetes? Eg må seia eg ikkje er det minste overraska at eg hamnar i denne situasjonen. Eg har PCO og har lese meg til at kvinner med PCO har mangedobla sjanse for svangerskapsdiabetes (samt også auka sjanse for "vanleg" diabetes). Men hadde ikkje tenkt tanken no når eg endeleg vart gravid (etter 4. innsett med IVF) at dette skulle dukka opp. Fastlegen sa at det er dei uoppdaga diabetestilfella i svangerskap som er problematiske. Hos meg vert det oppdaga tidleg og me kan gjera tiltak. Reknar med det må gå an å ha kontroll på dette! Men fyrst må eg ta testen på torsdag og sjå om eg får diagnosen! Skulle ikkje forundra meg mistanken vert bekrefta. Er forresten 12+5 i dag :-) Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/142904104-h%C3%B8gt-blodsukker-og-unders%C3%B8king-for-svangerskapsdiabetes/
MK73 Skrevet 13. februar 2011 #2 Del Skrevet 13. februar 2011 Tror ikke du skal bekymre deg veldig mye for dette - selvsagt er det en ekstra risikofaktor, og mer du må passe på underveis, men det kan greit kontrolleres, i alle fall i de tilfeller jeg har sett. For mange er det nok å kontrollere kostholdet, det er ikke alle som må til med insulin etc. Jeg har hatt flere bekjente som har hatt dette og har kommet seg fint gjennom svangerskapet uten problemer - og det er kjempebra at de har (muligens) oppdaget det så tidlig, før det skaper problemer! Fastlegen min sa også til meg at høyere alder (som i vårt tilfelle) øker risikoen for svangerskapsdiabetes, spesielt når det er første svangerskap. ..men dette takler du helt fint! Håper du ellers har det bra. Klem til deg og spiren Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/142904104-h%C3%B8gt-blodsukker-og-unders%C3%B8king-for-svangerskapsdiabetes/#findComment-142904363
Meg1972 Skrevet 13. februar 2011 Forfatter #3 Del Skrevet 13. februar 2011 Takk for svar, MK73! Godt å høyra at andre har hatt dette utan problem. Har også lese at risikoen aukar med alderen, men lite å gjera med det... Eg er eigentleg ikkje bekymra for dette - men litt overraska over at dette skulle dukka opp så tidleg. Men berre bra at det vert oppdaga tidleg! No må eg ta testen fyrst og sjå kva den viser. Men reknar med at dersom det er svangerskapsdiabetes, så må det gå greit å ha kontroll på det. Eg lever sunt og har ikkje stort inntak av sukker/søte saker. Har ikkje hatt så lyst på søtsaker no når eg er gravid. Men aktivitetsnivået mitt kan heilt klart bli mykje betre. Har vore uggen og uvel i januar og brukt mykje tid på sofaen etter jobb. No er eg i mykje betre form og har meir energi. Og bør prioritera fysisk aktivitet - det vil eg tru er bra for evt diabetes. Men no får eg no venta og høyra kva fastlegen meiner eg skal gjera... Håpar det går bra med deg! Følgjer med deg og les kva du skriv på andre trådar! Alle gode tankar og ynskje om at dette skal gå bra for deg/dykk denne gongen! Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/142904104-h%C3%B8gt-blodsukker-og-unders%C3%B8king-for-svangerskapsdiabetes/#findComment-142904889
Meg1972 Skrevet 28. februar 2011 Forfatter #4 Del Skrevet 28. februar 2011 Kort oppdatering: Sukkerbelastningstesten var heilt normal - og dermed var det ikkje svangerskapsdiabetes denne gongen. Og godt er det! Vart litt overraska eigentleg, hadde sjølvsagt byrja å innstilla meg på diagnosen. Fastlegen skjøna ikkje kvifor to blodprøvar før testen hadde for høgt glukosenivå. Reknar med det vert sjekka framover på dei vanlege kontrollane eg skal på. Eg trur og håpar alt er bra i magen. Er inne i ein fase der det vel er normalt å ikkje merka så mykje. Eg blitt i fin form igjen etter å ha vore uvel tidlegare og det er enno for tidleg å merka liv i magen. Men buksene strammar meir og meir... UL om 3 veker, det blir spennande! Er 15+0 i morgon :-) Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/142904104-h%C3%B8gt-blodsukker-og-unders%C3%B8king-for-svangerskapsdiabetes/#findComment-142966247
MK73 Skrevet 28. februar 2011 #5 Del Skrevet 28. februar 2011 Det var godt å høyra! Du blir nok følgd godt opp framover, og det er alltid godt å vite. Tenk, snart UL! Ikkje byrja med mammabukser enda, altså? Haha, eg er ganske sikker på at mine bukser ikke held til veke 15! Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/142904104-h%C3%B8gt-blodsukker-og-unders%C3%B8king-for-svangerskapsdiabetes/#findComment-142966292
Meg1972 Skrevet 2. mars 2011 Forfatter #6 Del Skrevet 2. mars 2011 Jaudå - eg har brukt mammabukse på jobben i går og i dag. Vart så lei av at linninga stramma for mykje når eg sat framfor PC'en og når eg køyrde bil. Ikkje alltid så praktisk å kneppa opp buksa ;-) Har berre brukt den aller vidaste buksa mi dei siste vekene, ville bruka vanlege bukser så lenge eg kunne... Eg har aldri brukt mammabukser før og hadde ikkje trudd eg skulle byrja med det så tidleg. Men har jo ingen begrep om kva som er vanleg her! Eg er høg og lang i ryggen så tenkte det skulle gå utan lenge... Har ikkje kunngjort graviditeten på jobb enno - kun til sjefen og nokre få som er direkte "berørt". Men no må eg vel snart fortelja det til alle! Kunne berre tenkt meg ei bekrefting på at alt er normalt i magen fyrst... Men det vert det nok for lenge å venta på. Gler meg til eg kjenner liv i magen! Termin er ca 22. august :-) Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/142904104-h%C3%B8gt-blodsukker-og-unders%C3%B8king-for-svangerskapsdiabetes/#findComment-142974034
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå