Gå til innhold

Vi har kutta ut smokken! (håpar eg...)


Anbefalte innlegg

Skrevet

I går vart smokken borte(sonen min, ca 2 1/2år, som hadde lagt den frå seg ein plass), og vi kunne ikkje finne den. Menst småen var på badet skulle eg innom soverommet å hente noko, då fann eg smokken! "hmm..." tenkte eg. "lurer på kva som skjer om eg gøymer den?". Så då prøvde eg det, og la den godt innpå ei hylle høgt over min sønns tilkomst, slik at eg hadde den i bakhand om alt gikk heilt skeis. Etter lesing var det naturleg nok litt spørsmål etter smokken, men ikkje verre enn at han gikk med på at eg skulle gå å leite etter den, menst han skulle prøve å sove. Meir styr om smokken vart det ikkje den kvelden.

I dag la han seg fint til å sove på dagtid, og nok ein gong skulle eg leite litt, og kome inn med smokken, dersom eg fann den.

I kveld ved legging var det berre litt spørsmål etter den. Og eg slapp å måtte "leite" etter smokken.

Så, no er eg veldig spent på om det vil fortsette på dinna måten framover! Eg kryssar fingrane!

I mårå blir "første utfordring", med barnehage og fjerning av sovesmokken der. Håpar at forklaringe om at "smokken er vekke" fungerar då og. For eg tenkte berre å diskre fjerne den frå hylla hans og gi bekjed til dei ansatte (kanskje gi ein lapp, slik at småen ikkje skjønnar teikninga).

Har ein teori om at det å nemne "no har du/skal du slutte med smokk" vil møte ein del protestar, så synest det at han rota vekk smokken kom beleileg;)

 

Så slik gikk/går det til her. Hugsar eg har leita etter "framgangsmåtar" på smokkeslutt tidlegare, så tenkte eg skulle dele.

 

Noken med liknande erfaringar?

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Moro å lese dette i dag, akkurat same dagen som vi kutta ut smokken til lille :o)

 

Her har vi snakka om det sidan i sommar, at vi skulle ta vekk smokken. Lille fylte 3 i november, og vi har berre venta på at ho skulle slutte med dagsovinga (har hatt litt problem med å finne roen i bhg, men har har veldig behov for luren, så vi har ikkje turd å ta smokken før). Den siste veka har ho vore oppe tidleg, men har likevel ikkje sove på dagtid, så no tenkte vi at det var på tide.

 

Vi tok ein tur på Akvariet (Bergen), og lille fekk servere smokkane sine (fylt med små bitar av reker eller noko slikt) til karpene - som svømte av garde med smokkane i munnen. Ho fekk diplom og alt, og på selshowet etterpå fortalte dyrepassaren at det var ei flink jente ved navn Eir som hadde slutta med smokk i dag, og fekk selane til å klappe med luffene :D

 

I kveld då ho skulle legge seg var ho veldig klar over at ho ikkje hadde nokon smokk lenger, men ho kom med eit ynkeleg "...eg likar bare smokk...", mens ho strevde med å holde tårene tilbake. Ho grein litt då ho la seg, og for første gong måtte eg sitte på sengekanten og holde ho i handa til ho sovna, ein liten time seinare enn normalt.

 

Så gjenstår det berre å sjå korleis det går i morgon. Eg må vere kjapp inn i barnehagen og fjerne smokken frå hylla hennar og informere dei som jobbar der, så dei kan skryte av ho. Ho var jo SÅ stolt og då, fekk diplom (som allerede er ramma inn og hengt på veggen på rommet), og kunne fortelle at ho er stor prinsesse på tre år, og prinsesser som er tre år, dei brukar ikkje smokk og dei sutrar ikkje. Nemlig. Håpar det varer :o)

 

Eg tippar dåke er over "det verste", og tenker det vil gå veldig greitt med fortsetjinga, når det har gått så greitt det første døgnet.

 

Lykke til vidare :o)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...