Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Sjølv om eg ikkje har for vane å gå rundt å hyla :-) Smiler breidt og er glad og letta, i alle fall!

 

Testa med digital CB grytidleg i dag på rugedag 13 - og der stod det jammen meg GRAVID etter nokså kort tid! Fantastisk kjekt! Måtte vekka mannen og fortelja det med ein gong!

 

Skal ta blodprøve i morgon som eg reknar med bekreftar dette. Magen er blitt rarare og rarare dei siste dagane, så eg hadde ein mistanke om at det var noko på gang. Men klok av erfaring våga eg ikkje håpa for mykje før testing - eg har innbilt meg diverse symptom tidlegare og fått negativ test...

 

No kryssar eg fingrane og håpar alt utviklar seg som det skal denne gongen! Sette inn 2 egg og er spent på kor mange som er i magen!

 

Gratulerer til alle andre som har fått positiv test no nyleg! Ser me er fleire og det er kjekt!

Og lukke til alle som skal ha nye forsøk - før eller seinare lukkast det!

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Ville bare si gratulerer så mye! Det var på tide :-) Nyt det og kos dere med den voksende spiren(e) i magen.

 

Klem til dere

Skrevet

Gratulerer så masse!!!

Skrevet

Takkar for gratulasjonar!

 

Og MK73 - eg hadde håpa at du også hadde fått positiv test etter forsøket ditt. For deg er det i alle fall på tide!!! Ynskjer deg lukke, lukke til på nyåret med blastocystane - måtte de endeleg lukkast med dei!

 

Her er graviditeten bekrefta med positiv blodprøve med fin Hcg-verdi i dag. Veldig kjekt å oppleva at ein kan få til dette med IVF! Men me to her i heimen er nøkterne folk som ikkje sprett i taket - spesielt ikkje etter å ha opplevd ein MA i veke 13 i sommar. No får me berre gle oss over at det så langt har gått veldig bra denne gongen og håpa det fortset slik. Det treng jo slett ikkje gå gale ein gong til.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...