Gå til innhold

Rapport frå utredning for habituell abort


helixxx

Anbefalte innlegg

Så har eg vore på utredning på Haukeland Univ.sjukehus. Gjekk vel egentleg som forventa. Eg har 2 barn frå før og deretter har eg abortert 3 gangar på 1 år. Legen, som var ei meget erfaren kvinneleg gynekolog, meinte at ho ikkje trudde ho kunne hjelpe meg fordi ho ikkje trudde det var grunn til bekymring. Gynekologisk undersøkelse med ultralyd (den 6te for meg i år) viste omtrent det same som eg har fått fortalt før: Det er ingenting gale med meg. Har litt stor livmor, noko ho sa kunne tyde på "ein type endometriose inne i livmora", dvs at eg får store og vonde mensblødningar. Men dette er visst aldri vist ha ein auka risk for spontanabort. Vidare tok eg prøvar for diabetes, leiden-muasjont, trombocytt og trombiosa "ting" og dessutan lupus-antistoff og antifosfolipid-antistoff. Så no ventar eg på svar.

 

Legen var veldig hyggeleg, og eg hadde ingen grunn til å vere sint eller oppgitt fordi eg "ikkje får hjelp". Eg får tidleg UL, visst eg blir gravid igjen, på Haukeland.

 

Dt var ein ting som ho sa som foundra meg litt og som gjer at eg tenker mykje på det. Ho sa "kvifor vil du egentleg absolutt ha eit barn til"?..........det er jo eit fair spørsmål. Men eg synest ikkje at det er opp til ho å spørre..........ho sa og i ein bisetning at ho lurte på kvifor eg jobba så mykje og i tillegg ville ha 1 barn til........ho har jo rett. Vil jo ha i påse og sekk eg. Men eg TAR jo meg tid til barna mine! Eg tar godt vare på dei! Og det vil eg gjere viss eg får 1 til.

 

Spurte vidare om dette med stress og autoimmunitet og abortar. Ho sa at det var det lite kjennskap til, mn ho meinte at om stress alltid gav stor risk for abort så er det jo rart at det blir født mange uønskar barn i denn verda. Mødrane til uønska barn bør jo vere kjempestressa. Ho har jo rett i det....

 

Andre ting eg fekk svar på:

-ho meinte at dei stort sett anbefaler å vente minst 1 mens før ny graviditet

-det å vere 34 er ikkje ein "årsak til abort". Ho meinte eg burde kunne få barn i alle fall 6 år til utan problemar men etter 35 så var det jo kjent at egga vart begynt å bli gamle...

 

 

Dette vart veldig rotete skrive. Ville ha utav meg alt på ein gang. Konklusjonen er at eg berre kan køyre på å prøve igjen, men eg får ingen medisin (med mindre blodprøvane visar noko). Viss eg blir gravid så får eg tidleg ul, men ho anbefalte ikkje å få ul så ofte som annankvar veke. Det finst veldig lite forskning på om ul kan påverke foster....mitt neste "problem" eller utfordring er mannen min og vår livssituasjon akkurat no. Eg er så utålmodig, men må vente vente vente. Og er ikkje sikkert han ombestemmer seg heller (han vil ikkje prøve no). Fortsettelse på min never-ending story følger.

Fortsetter under...

Hei:)

Ser du har tatt blodprøver som du ikke har fått svar på.

Kan jo hende de finner ut noe der?

Uansett så høres det veldig positivt ut det du har fått vite. Og at de ikke finner noen årsak for at du har abortert 3 ganger på ett år er jo kjempebra! Da jeg var i tidlig 20 årene mistet jeg to ganger på rad etter at jeg fikk førstemann, men så fikk jeg tre barn etter det. Du er fremdeles ung og har tiden foran deg:) Lykke til:)

  • 2 uker senere...

Slett ikkje uinteressant nei.

 

Eg får behandling sjølv om dei ikkje fann noko gale med meg. Legen her meinte at dei har funne at blodfortynnande sprøyter - spesielt Klexane har senka abortraten drastisk utan at dei heilt veit kvifor.

 

Hadde 4 abortar mellom juni og mars ifjor. Fekk sprøyter då eg vart gravid for 5. gang. No har eg 52 dagar igjen til termin!!!!!

 

Trur du ville fått medisin og hjelp om du hadde oppsøkt privatklinikk. Hausken i Haugesund feks....

 

Men eg fekk ikkje hjelp før etter 4 på rad. 3 på rad kunne vere "uflaks"

 

Elles syns eg det var EKSTREMT upassande spørsmål frå den der gynekologen. Kvifor du vil ha fleire barn og kor mykje du jobbar har ho absolutt ikkje noko med!!!!!!!!!

 

Eg har også fått "gode råd" frå sjefar og liknande om å vente både med fleire graviditetar og fleire barn. Kjenner at slike meldingar provoserer meg.

 

Lukke til vidare.

Takk for at du delte dette med oss! Spennende lesning, fremfor alt fordi du høres ut som du du har fått ny giv og positivitet over deg - og det er alltid en fryd å høre om! Masse lykke til. Det blir nok et barn til på dere, tipper jeg. ;-)

Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...