Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Oj! Guten vår er blitt 2år gammal! Han er bleiefri (utenom soving) og han har få uhell. I tillegg har han fått eit (nokså) bra ordforråd og eit endå betre kroppsspråk, så det er skjelden vanskeleg å forstå kva han vil. Det er nesten litt absurd kor kjapt det har gått og kor stor han har blitt! Berre siste 4vekene har han lagt på seg ca 3kg, endå han er ein bra slanke gut.

I morgon er det tid for 2års kontroll, det skal bli spennande å sjå kva helsevesenet seier om han og kor lang/tung han er. Sist eg målte høgda var han 84,5cm, men no trur eg han er nokre cm høgare. Eg har gått høyre at han er stor for alderen.

Tenk kor rart at ein hyggestund for mor og far kan føre til nytt liv, som veks i magen i 9mnd og utviklar seg, for så å bli fødd som eit heilt eige lite individ som skal lære foreldra så mykje. Og at i løpet av to små år har det blitt til ein bestemt liten kar som kan prate(ein del) med foreldra og klare så mykje heilt sjølv. Det er fasinerande å tenkje på.

Eg gledar meg veldig til å sjå korleis han utviklar seg fram mot 3årsdagen, og kanskje får han seg søsken i løpet av ventetida. Det vil tida vise.

Det er så deileg å sjå korleis han trivast i kvardagen, og utrueg kjekt å ha han heime nokre av vekedagane. Spesielt når eg ser kor glad han bli og alt han får ut av det!:)

Nyt livet og tida de har med dei små(eller bør ein seie store?), ta med dei små høgdepunkta i kvardagen og nyt dei!:D

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Koseleg innlegg!

 

Eg tenker ofte på kor fantastisk det er at noko SÅ hjelpelaust som eit nyfødd barn kan bli SÅ sjølvstendig på SÅ kort tid... Her nærmar vi oss 3-årsdag, ho har vore bleiefri sidan i vinter, snakkar KONSTANT, har begynt i barnehage 3 dagar i veka (og kosar seg der no etter litt innkjøringstrøbbel), og brukar tida heime til å leike med (eller plage) storebror så mykje som mulig.

 

Eg er kjempeglad for at vi har hatt muligheten til å ha ho heime såpass lenge, og at eg kan jobbe redusert vidare framover. Dei blir skuleungar så alt for fort, og det er så kjekt å følge med i kvardagen.

 

Ein blir heilt sentimental når ein tenker på kor store desse små har blitt, og slike tankar kjem jo særleg rundt bursdagen. Gleder meg til å feire 3-årsdag om eit par-tre veker :o)

Skrevet

Hyggelig!

Til min store overraskelse var ikke en 2-åring noe baby i det hele tatt!

Jeg hadde liksom regnet med at det var litt baby igjen selv ved 2 år, men neida.....

 

Vår snupp ble kalt for "fuglevingen" og ved to år var det plutselig spørsmålene om "hva betyr det" osv dagligdags kost.

 

Helt enig i at man må nyte småbarnsårene. Det går så altfor fort også er ikke vi først i køen for oppmerksomhet lengre.

 

Det er også litt stas å kunne få være med på å sørge for at et lite menneske skal bli et selvstendig individ som klarer seg selv på alle måter om noen år!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...