Gå til innhold

Barselinformasjon


Anbefalte innlegg

Skrevet

Her er en grei oversikt over ting som kan inntreffe i barselperioden.

Ifo er hentet fra Kvinneklinikken-Haukeland sine sider.

 

Amming

Hvordan du ammer ditt barn (hefte) IS-2092. Se eigne nettsider om amming. Særleg vil vi anbefale "Hvordan du ammer ditt barn" frå Sosial- og helsedirektoratet. Dette heftet gir alt du treng av generell informasjon om amming.

Kvinner som har hatt problem med starten på amminga, kan få oppfølging på Ammepoliklinikken.

Ammehjelpa (ekstern) har god informasjon og informative videosnuttar om riktig ammeteknikk.

 

 

Det nyfødte barnet

 

Nysing

Eit nyfødt barn nys mykje, men er ikkje forkjølt. Dei nys for å ”reinske opp” i litt tronge naseopningar.

 

Auga

Det hender at auga er seige og klissete og/eller tårefylte kort tid etter fødselen. Vask i så fell med kokt vatn eller augebadevatn ev. vatn med ei saltoppløysing på 0,9 %. Tørk utanfrå og inn mot augekroken med ein bomullsdott.

Ved bading: Unngå å vaske barnet sine auge med klut med vatn frå badekaret. Det gir risiko for augeinfeksjon.

Dersom auga renn, må det takast bakterieprøve. Det kan då hende at barnet treng augedropar.

 

Helsestasjonen eller fastlegen din kan ta bakterieprøve og avgjere dette.

 

Øyra

Ikkje vask/reinsk inne i øyrene, berre tørk av den ytre delen av øyret.

 

Trøske

Dette er ein vanleg soppinfeksjon, som ser ut som eit kvitt belegg på tunge til barnet og/eller innsida av kinna. Trøske er ufarlig og ofte er det unødvendig med behandling. Noen gonger kan denne soppen smitte mor sine brystvorter og forårsake smertefull amming og langvarige smerter. Denne tilstanden må behandlast med soppdrepande middel (reseptpliktig). Fastlegen kan ta prøver og skrive ut resept.

 

Ammehjelpa har god info om dette.

 

Raping

Alle barn har ulike ”rapevanar” – noen svelger meir luft enn andre. Gi barnet sjanse til å bli løfta opp etter kvart måltid (opp mot akselen). Er det luft som skal opp, kommer den etter få minutt. Men ikkje alle barn MÅ rape.

 

Hikking

Noen barn hikkar mykje og har ofte gjort dette også inne i livmora. Det er heilt normalt og ikkje farlig. Varme føter og eventuelt ein liten sup brystmelk, kan hjelpe.

 

Navlen

Du må holde barnet sin navlestump tørr og rein. Dersom navlen renn (som oftast er dette tilfelle med dei tjukke stumpane), kan den vaskast med vatn eller saltvatn og luftast godt. Navlestumpen fell av etter om lag 3 til 10 dagar.

 

Det er heilt normalt at det kan lukte litt frå navlestaden, men dersom det blir mykje væske og huda rundt navlen blir raud og irritert, bør helsestasjonen kontaktast.

 

Hold navlestaden så tørr som råd, før navlestrengen har falt av - også når barnet vert bada.

 

Urin og avføring

Den første avføringa er grønsvart og kallast gjerne barnebek. Den er seig og har ingen lukt (fordi ingen bakterieproduksjon er starta). Etter som barnet får råmjølk ned i tarmsystemet vil den normale tarmfloraen etablere seg. Dette kan medføre ”uroleg mage” dei første par dagane. Etter kvart som barnet får meir mjølk, vil avføringa skifte farge frå grønsvart til brun, for seinare å bli sennepsgul når mjølkeproduksjonen er på plass.

 

Det er like normalt for barn som ammar å ha avføring 10 ganger dagleg som kvar 10. dag. Dette gjeld dei som bare får morsmjølk.

 

Urin

Det hender ein oppdagar raude eller oransje flekkar i barnebleiene dei første dagane. Dette er stoff (saltar) frå nyrene, som kallast urat og som er heilt normalt. Etter kvart som mjølkeproduksjonen er i gang, og gjennomstrøyminga i nyrene blir større, vil denne uratutfellinga bli borte.

 

Eit godt teikn på at barnet får nok væske, er at bleiene er godt våte.

 

Små underliv

JENTER – Vask underlivet fram-i-frå og bak-til. Dette for å unngå å føre bakteriar fram mot urinrøret. Det er ikkje nødvendig å vaske innafor kjønnsleppene med mindre det er tilgrisa med avføring.

 

Minimens: Hos jentebabyar kan det komme ein del slim frå skjeden, til tider blanda med blod. Dette kallast minimens og skuldast hormonpåverking frå mora. Dette hender oftast innan den 5. dagen etter fødselen og er heilt ufarlig. Dette går over av seg sjølv.

 

GUTAR – Forhuda skal ikkje trekkast tilbake.

 

Negler

Barnet sine negler er ofte lange og skarpe, og det hender at dei klorer seg i ansiktet. For å motvirke dette, kan ein ta på tynne vottar av bomull. Ein kan eventuelt smøre inn kinna og neglene med feit krem, så vil ripene bli mindre. Neglene rivast varsamt (ikkje klippast) når du ser at dei flisast litt opp.

 

Vær merksam på at nyfødde barn oftast ikkje har frie neglerender, det er hud heilt fram. Sjå på baksida av neglene om det er råd å rive neglene varsamt av.

 

Blå hender og føter

Eit spedbarn har ofte kalde og litt blålige hender og føter dei første dagane. Dette fordi dei har litt dårleg blodsirkulasjon perifert i kroppen. Alt som vanlegvis skal til, er varme sokkar. Dersom barnet kjennest kjølig ut oppover leggane/armane treng det truleg meir klede på.

 

Dersom vi skal vurdere om barnet er for varmt, kjenner vi dette best i nakken. Eit barn som er for varmt, er ofte raudt i ansiktet og irritabelt.

 

Vanleg og ufarleg

 

Nyfødd gulsott

Dei fleste nyfødde blir litt gule i huda og inne på det kvite i auga, frå 2–3 til 6–7 dagar etter fødselen. Dette har ingen ting med smittsam gulsott å gjere. Denne nyfødd gulsotta skuldast stor nedbryting av overflødige raude blodseller (frå fosterlivet). Etter som levra er litt umoden klarer ikkje den å bryte ned alt den skal, og fargestoffet bilirubin gir denne gule fargen. Noen barn kan i samband med denne gulsotta bli trøytte og slappe. Personalet på barselavdelinga vil til ei kvar tid vurdere om det er trong for prøvetaking. Ein liten prosent av alle nyfødde blir så gule at dei får lysbehandling.

 

Dersom du har reist heim frå barselavdeølinga og lurer på om barnet utviklar gulsott, må du ta kontakt med avdelinga du låg på. Der vil du få meir informasjon om kvar du skal vende deg.

 

Milier

Dette er små kvite prikkar i ansiktet, særleg på nasen. Disse prikkane er forstørra talgkjertlar. Det går nokre veker før dei blir borte.

 

Spedbarnsutslett

Dette er små, rosa flekkar eller litt større parti, særleg på hals, bryst og underarmar. Ofte kan ein sjå ein liten kvit, hard prikk midt inne i flekken. Dette utslettet kommer og blir borte hanske raskt. Årsaka er hormonell påverking frå mora.

 

Varmeutslett

Dette kommer når barnet har det for varmt. Det ter seg som små raude nuppar, som blir borte ved avkjøling.

 

”Heksemjølk”

Både gutar og jenter kan få litt opphovna bryst. Dette skuldast hormonpåverking frå mor (under svangerskapet). Det vil bli borte etter nokre dagar. Barnet kan vere litt øm på brysta, derfor skal ein røre dette området varsamt.

 

”Storkebitt”

Raudt merke på augelokka, i panna eller i nakken. Disse merka minskar eller blir borte etter kvart innan det første leveåret. Av og til kan ein oppleve at flekkane kommer fram når barnet tek seg ut fysisk.

 

 

Mors eigen kropp

 

Bløding

Det er normalt med frisk bløding dei første dagane etter fødselen. Blødinga vil raskt minske og bli brunleg på farge. Det er heilt individuelt kor lenge denne blødinga, som og kallast reinsinga, varer. Vanlegvis er den over i løpet av dei 6 første vekene etter fødselen.

 

Om lag 10–12 dagar etter fødselen kan du igjen få ein frisk, liten bløding, som varer eit par dagar. Dette er heilt normalt og skuldast at skorpa i livmora der morkaka sat, fell av. Reinsinga inneheld mykje bakteriar. Derfor er det viktig at du er nøye med hygienen og vasker hendene godt. Så lenge reinsinga varer, er det ikkje anbefalt å ta karbad eller å bade i basseng.

 

Dersom blødinga skulle bli illeluktande eller du tek til å blø rikelig, bør du kontakte fastlegen din eller legevakta. Det skal du og gjere dersom du får feber, magesmerter eller ømheit i mageregionen. Dette kan vere teikn på infeksjon i livmora etter fødselen.

 

Stinga

Eit tørt og reint sår gror raskast. Derfor er det viktig med god hygiene. Skyl deg godt etter toalettbesøk. Bruk reint vatn, eventuelt Lactacyd.

 

Stinga skal ikkje fjernast. Tråden du er sydd med løyser seg opp av seg sjølv.

 

Barseltårer

Det er store omveltingar som skjer når ein får barn. Foreldre og barn skal bli kjende med kvarandre, det er mykje nytt å lære, og ein kjenner seg kan hende trøytt og sliten. I denne første tida kan ein ofte oppleve at det er vanskeleg å styre kjenslene. Tårene kommer fort og det skal lite til før ein blir sint og ute av seg. Dette er normale svingingar, som også kan opplevast av far.

 

Men det er ikkje normalt at denne tilstanden varer, slik at du kjenner deg trist og nedstemt over lang tid. I så fall er det viktig å kontakte lege eller å snakke med helsesøster.

 

Etterkontroll

Det er ikkje alltid nødvendig med etterkontroll, dersom alt er i orden og det ikkje har oppstått noen behov etter at du kom heim. Spør den du har gått til kontroll hos i svangerskapet, om du skal tilbake til etterkontroll. Dersom dette er avtalt, eller du ønsker det, bestiller du denne kontrollen hos den legen du har hatt i svangerskapet, gjerne 8 veker etter fødselen. Legen sjekker då om alt har normalisert seg. Her kan du og få rettleiing om prevensjon, dersom du ønsker det.

 

Samleie etter fødselen

Det er individuelt når ein vil ha å ha samleie att etter fødselen. Dei første vekene bør riftene etter fødselen få ro til å gro, men deretter kan ein ha samleie, dersom begge ønsker det. Det er derimot vanleg at lysta til samleie lar vente på seg. Her er det viktig å lytte til kvar andre! Husk eventuelt prevensjon, for du kan bli gravid sjølv om du ammar.

 

Helsestasjonen

Kvinneklinikken sender ei melding til helsestasjonen i ditt distrikt om at du har fått barn. Vanlegvis vil du og få med deg ein kopi av denne meldinga, med dei siste opplysningane frå barseldagane.

Helsesøster vil etter kort tid (vanlegvis innan 1–2 veker) ta kontakt med deg for å avtale vidare kontrollar eller heimebesøk. Dersom du ikkje har hørt noe frå helsestasjonen innan 10 dagar, bør du ringe sjølv. For slike meldingar kan jo komme bort i posten.

 

Helsesøster følgjer barnet i fleire år og kan gi råd og rettleiing om blant anna amming og ernæring. Ho vil og ordne med dei vanlegaste vaksinasjonane og følgje barnet sin utvikling over tid. Helsesøster kan og vere ein samtalepartnar i vanskelege situasjonar, eller ei du kan få rettleiing hos når det gjeld barneoppseding eller barnet sin utvikling. Dersom du trur at barnet ditt er sjukt, bør du derimot oppsøke fastlegen din eller legevakta.

Videoannonse
Annonse
Gjest UndrendeUllteppe
Skrevet

Takk for informativt innlegg!!

 

Kan jeg spørre om en ting? Hvordan løser man dette med å skylle seg etter toalettbesøk, rent praktisk? Har aldri sett søsteren min eller andre ha sånn hånddusj for å feste på krana...Det virker jo veldig tungvint også? Men det virker jo for så vidt verre å hoppe i dusjen hver gang man har tisset hehe...Altså, hva gjorde de i tidligere tider? Normal ren hygiene holder ikke, med andre ord?

Skrevet

Det du kan gjøre er å ha en bolle med vann og bruke hendene til å skylle deg nedentil mens du fremdeles sitter over toalettet. Du tar bare vann i hendene og fører hånden opp så du får skyllt. Jeg hadde ingen rifter eller noe i forrige fødsel, men jeg syns det var ekkelt å skulle tørke og ta meg nedentil så jeg brukte denne metoden i et par dager..

 

Håper du skjønte hva jeg mener =)

Skrevet

Fin info=)

Jeg tørket bare vanlig med papir, funket helt fint det! Tror man bare må se det an litt og prøve seg fram!

Skrevet

Sist jeg var gravid leste jeg om ei som fylte lunkent vann i ei tom imsdalflaske som hun brukte til å spyle seg selv med nedentil etter dobesøk, og i begynnelsen samtidig når hun tisset, da tiss kan svi endel, spesielt hvis man har sydd. Det syns jeg var et godt tips;)

Skrevet

Takk for informativt og fint innlegg :)

Mange år siden jeg gikk gravid sist, så fint med en oppfriskning av kunnskapen :)

Gjest UndrendeUllteppe
Skrevet

Flere gode tips, takker :-)

Skrevet

Ååå, lunkent vann på en vannflaske var lurt! Takk for kjempegodt tips :)

 

Var så uheldig å kræsje skikkelig på sykkel når jeg var mindre, og har traumatiske minner fra do-turene etterpå, om det er like ubehagelig å gå på do etter en fødsel som etter det kræsjet så skal jeg hamstre vannflasker de neste dagene!

 

Har også lest at det kan være godt og lindrende å sette seg i en balje med grønnsåpevann, det mykner opp huden og forebygger betennelse/infeksjon (mener jeg). Medisinsk grønnsåpe kjøpes på apoteket, hvit flaske med blå kork og rosa etikett :)

Skrevet

Clas Ohlson selger og sånn dusj en kan feste i springen for en billig penge.. Blir ikke mye søl om du sitter på do når det gjøres...

 

Jeg lånte med meg et vaskefat fra sykehjemmet jeg jobbet på og satt på grønnsepe bad 3 ganger daglig i fem minutter med første mann (sydde 36 sting) Og det var himmelsk!

Skrevet

Veldig bra oversikt!

 

Har et lite tips til trøske i munn hos de små:

 

Vi vasket forsiktig med gasbind og farris og dette tok knekken på det hvite beleggt hos oss, vi hadde lyst til å prøve litt før vi brukte legemidler og det fungerte veldig bra.

 

På meg selv(brystvortene) brukte jeg canesten og var nøye med å tørke mellom ammingene :)

 

Vanskelig å unngå dette, men det går jo over da...:)

Skrevet

Man må jo dele på det som deles kan =)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...