helixxx Skrevet 24. juli 2010 #1 Del Skrevet 24. juli 2010 Dette innlegget er egentleg ikkje for at eg vil at folk skal lese om meg men for at eg skal få ut tankar på ein eller annan måte. Til advarsel er det ingen morsom lesing. Eg har 2 skjønne barn frå før. Heldigvis!!!! Eg spontanabortrte første gang i januar i år i veke 7, deretter i mars i veke 7 (vart gravid med ein gang etter første SA). Var gravid igjen etter 1 mens, begynte å blø igjen i veke 7; trudde SA, men var på UL i veke 8 som viste eit friskt foster med bankande hjerte. O lykke. Var livredd vekene fram til veke 12.......men då begynte eg å slappe av. No er eg 16 veker, eller var eller??? Har akkurat fortalt barna og alle vennane/familie det, og så finner eg blodspor på papiret etter dotur idag. Vart dritredd. Heile meg skalv og eg skunda meg til legevakten. Var sikker på ny SA eller MA.....tissa sikkert 6-7 gangar på 2 timar. Legen der hadde kun doppler, men fant ingen hjertelyd. Eg grein mine bitre tårar, sjølv om legen sa at det av og til var vanskeleg å finne hjertelyd i veke 16. Legen ringde KK på sjukehuset, men dei har ikkje kapasitet i helgane. Fekk motvillig (frå kk si side) ul-time på mandag. Mandag er jo kjempelenge til! No går eg her og kjenner at eg får ilt i ryggen; men er det pga at kroppen min har vore ein forknytt klump i 6-7 timar eller er det graviditeten? Tissar heile tida fortsatt! Spottar fortsatt. Er heilt sikker på at dette ikkje går bra......og tenker masse på barna mine som har vore slik i fyr og flamme pga babyen. Orkar ikkje gå gjennom dette og føler meg aleine, sjølv om mannen støttar meg. Orkar ikkje fortelle til alle at eg har abortert igjen og ....veit ikkje om eg orkar å hoppe på dette igjen. Er lei meg og redd og sint. Vil berre at dette skal gå bra, men trur ikkje på det. Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/142123556-dtur-s%C3%A5-opptur-s%C3%A5-uvisshit/
Anonym bruker Skrevet 27. juli 2010 #2 Del Skrevet 27. juli 2010 Hei du..... Kos gjekk det med deg? Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/142123556-dtur-s%C3%A5-opptur-s%C3%A5-uvisshit/#findComment-142132221
helixxx Skrevet 31. juli 2010 Forfatter #3 Del Skrevet 31. juli 2010 Hei; Takk for interesse. Det gjekk ikkje så bra. Har derfor flytta inn på "Habituell abort"-sidene.... Eg kom inn på sjukehuset kl 9 og måtte vente saman med folk på overtidskontroll (veldig store fine fantastiske magar). Heldigvis var helixxx-mannen med! Fekk komme inn på UL kl 10......fosteret låg heilt stille, utan hjertebank og var ca 12 veker i størrelse (skulle ha vore 16).........sjølv om eg var forberedt så var dette eit sjokk. Eg måtte bestemme meg med ein gang om det skulle blø ut av seg sjølv, ut med tablettar eller utskraping. Valgte utskraping! Måtte vente til kl 19!!!! utan mat og drikke før eg kom inn til inngrepet. Eg var livredd og grein fordi mitt lille barn no skulle ut frå magen. Men etter at eg vokna frå narkosen var alt mykje betre!!!! Det var til og med godt å ha vondt fordi det skal vere vondt å miste eit barn. Betre med fysisk smerte enn den som sitter i hjertet. Uansett...no er det 5 dagar sidan, og ting går allereie betre. Har fortsatt litt smerter "der nede" men håpar det snart går over. Eg må fortsatt gå i gravidkle fordi eg faktisk hadde fått ein gravidmage.....og det er heller ikkje kjekt! Har fått time for oppfølging for habituell abort på sjukehuset om 2 månader......enten tar eg den eller startar med oppfølging privat viss eg ikkje klarar å vente. Trudde eg gav opp....men det gjer eg ikkje!!!!!!!!!!!!!! Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/142123556-dtur-s%C3%A5-opptur-s%C3%A5-uvisshit/#findComment-142144097
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå