Gå til innhold

Soverutiner øydelagt av ferie..?


Anbefalte innlegg

Skrevet

Vår dotter på vel 2,5 har hatt ein greit soverutine sidan ho var baby. Me legg ho ca. 7 og så er ho vaken mellom 6 og 7 ein gong. Dette var greit heilt til me var på ferie og alle måtte sove i same rom. Ho fann ikkje heilt roen, og me sov alle litt dårleg den litle veka. Nå når me er heime att, er ho "redd" kvar gong eg skal gå ut av rommet, og vil helst at eg skal sitta i rommet til ho søv. Nå har eg sagt til ho at eg sit i gangen, og nå seie ho "mamma" nokre gonger i minuttet, fram til eg svarer at eg er der. Sovnar etter 5-10 min, så ikkje så gale nå, men koss er denne situasjonen best å handtera? Eg vil ho skal vera trygg på at me er her, og ikkje forlet ho, så må eg berre sitta i gongen til ho er blitt skikkelig trygg igjen?

 

Kan òg bli likt om ho vaknar midt på natta...då er det lettast om pappen roar ho. Kanskje det er det me må gjera om kvelden òg, sjølv om det er mamma ho ropar på..

 

Nokon i liknande situsjonar, eller med gode råd? :)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...