Anonym bruker Skrevet 24. juni 2010 #1 Del Skrevet 24. juni 2010 Hei alle sammen Det er lenge sidan eg har skrive noko inne på disse sidene, men her er eg altså.. Lurer på om de som har vært gjennom mange SA/MA har fått nokon form for medisinsk hjelp eller noko og som har hjulpe dere til å beholde spirene, og i tilfelle kva Og er det nokon her som sjølve meiner at det kan være psykiske sperrer hos mor som medfører abort, og kva har de i så tilfelle gjort med dette? Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/142019496-gode-r%C3%A5d/
Kvitveis Skrevet 25. juni 2010 #2 Del Skrevet 25. juni 2010 Hei! Er ikkje komen så langt at eg har beholdt spirer enno, men kan svara etter mi erfaring: Den medisinske hjelpa eg har fått, er diverse undersøkingar hos spesialist, og tilbod om ekstra oppfølging ved graviditet. Etter siste SA oppdaga gynekolog at eg kanskje ikkje klarar å modna egga mine godt nok sjølv. Avhenging av prøveresultat får eg hormonar som skal stimulera denne modninga. Det har vore tungt å ikkje ha ein årsak til abortane, og eg har òg vore inne på tanken om psyken/bekymringa mi kan ha hatt noko å sei. For min del trur eg dette har vore eit forsøk på å finna ein årsak, og ikkje noko som har rot i fakta. Eg har ved nokre høve blitt fortald at: "Du må jo bare tenka positivt, så ordnar det der seg skal du sjå." Etter 4 SA tenkjer eg "pisspreik". Det er ikkje sikkert det er bra å vera gravid om ein er under psykisk press, men eg trur absolutt ikkje at "psykiske sperrer" som du skriv kan forårsaka abortar. Oftast er det eit eller anna fysisk som er i vegen, og forhåpentleg finn legane og helsepersonellet ut kva som er årsaka etter kvart, og kan råda om rett behandling. Det er ikkje lett å oppleva gjentekne SA/MA, og når det tek på psykisk kan det ver godt å snakka med anten ein god venn, lege eller psykolog. Me i vår situasjon må iallefall ikkje vera redde for å ta kontakt med ein å snakka med, for det kan verkeleg vera ei påkjenning det me går gjennom. Kjenner sjølv at det hjelper å ta ein pause frå prøvinga no, og å gjera andre kjekke ting! Ynskjer deg lukke til! Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/142019496-gode-r%C3%A5d/#findComment-142025175
smilla73 Skrevet 25. juni 2010 #3 Del Skrevet 25. juni 2010 Hei hei, eg slenger meg på "nynorsk-tråden" :-P og kan forhåpentlig bidra med nokre positive tankar. Eg er heller ikkje heilt i mål, men eg er for tida rundt 27 veker på vei med ein livlig "klump" i magen; og det er ingen grunn til å tru anna enn at det går bra resten av svangerskapet også... :-) Etter ein "ordentlig" SA i veke 10, og tre-fire tidlege SA rundt veke 5 (mao rakk berre såvidt å få ein positiv test og så begynne å blø igjen etter nokre dagar) var eg langt ute på det tankekjøret du snakkar om, kanskje det berre er psyken min som hindrar at det blir noko av. Vi kom så langt som til utgreiing for habituell abort (viste ingenting hos nokon av oss), og ettersom eg drar på åra, og det brått hadde tatt eit halvt år sidan forrige antydning til graviditet, hadde vi fått sendt inn søknad om eventuell IVF-behandling... men så blei eg gravid. Eg er heilt enig med Kvitveis, det der "berre å slappe av"-snakket er berre pisspreik. Hadde veldig mange gonger lyst til å skrike "ja så prøv sjøøøøl då vel, å slappe av og ikkje tenke på det"...!! Grrrr.... Men når det er sagt, så trur eg at det er eit poeng å tenke over kva ein kan gjere for å stresse ned, ta vare på kropp, sjel og helse som best ein kan, osv. I mitt tilfelle innebar det å slutte å reise så mykje i jobben, og (etter ei omorganisering) leve med ein arbeidsoppgåver som ikkje er dei eg ønska meg mest, berre fordi eg innsåg at elles ville eg fortsatt stresse rundt og vere utkjørt mesteparten av tida. På det medisinske planet tok eg akupunktur opptil ein gong i veka i fleire månader før eg blei gravid, og fortsatte med det til rundt veke 12. Akkurat kor stor effekt det har hatt, er vanskelig å seie, men eg svergar iallfall på at dei gongane eg traff med behandling akkurat rundt eggløysing, hadde det stort utslag på kor godt eg kjende EL, - mykje meir slimproduksjon, og nærmast ei "sitring" av blodgjennomstrøyming i livmora. Skal vere forsiktig med å seie at det var det som gjorde susen (eg trur det var litt tilfeldig og) men den månaden eg blei gravid, var den månaden eg kjende den effekten aller best! I tillegg fekk eg tilbod om hyppige UL dei første vekene (gjekk annakvar veke frå veke 6 til 12), og sette pris på den stadfestinga det gav. Ifølge legen på Ullevål er det slik at for oss som har mista fleire gonger, at det er litt lågare risiko for ny abort for dei som får tett oppfølging, enn for andre. Dei veit ikkje kvifor, men det er påvist ein samanheng, så då tilbyr dei det til dei som har vore på utgreiing. Ja, og så fekk eg "for sikkerheits skuld" progesterontilskot (Crinone) og blodfortynnande (Albyl-E, tilsvarande ein kvart dispril eller noko per tablett!) dei første 10-12 vekene. Heller ikkje fordi det var noko som tilsa at eg trengde det, men berre fordi "det skadar ikkje å prøve". Så, oppsummert: sjøl om eg ikkje trur eller har erfart at psykiske sperrer i seg sjøl kan forårsake abort, så trur eg det var godt for meg å ta vare på kroppen min såpass at eg laga gode forhold når det endelig var eit sunt befrukta egg som traff... viss du forstår kva eg meiner. Det er nesten litt rart å kome inn på dette forumet no, heldigvis har eg nesten heilt klart å riste av meg den "slitar"-identiteten som hadde begynt å sette seg. Håpar det beste for deg også, og alle andre som er her inne! Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/142019496-gode-r%C3%A5d/#findComment-142025696
Aurora-72 Skrevet 28. juni 2010 #4 Del Skrevet 28. juni 2010 Hei Fikk lyst til å svare på det andre spørsmålet ditt: Jeg har ingen tro på at psykiske sperrer hos mor av seg selv kan føre til abort, men jeg tror at tett oppfølging i starten på svangerskap for kvinner med habituell abort kan forhindre abort. Selvimotsigelse? Min egen erfaring: jeg har ei datter født 2004 og deretter hadde jeg tre kjappe aborter. Første aborten var så tidlig at jeg ikke visste jeg var gravid engang. Så ble jeg gravid igjen og i og med at jeg hadde hatt en abort tenkte jeg aldri på at det kunne gå galt igjen: jeg hadde jo fått min dose, tenkte jeg...Så feil kan man ta. Ved tredje graviditet fikk jeg en tidlig UL og så at hjertet slo i uke 6. I og med at de to første abortene hadde vært så tidlig, var jeg helt sikker på at det nå kom til å gå bra inntil det ble oppdaget MA i uke 12. Etter tett oppfølging med ukentlige UL, hcg tilskudd og ablyl-e fødte jeg en gutt i 2008 og jeg er på nytt gravid nå etter samme behandling. (og en abort mellom gutten og denne graviditeten). I og med at jeg egentlig aldri var redd for abort for noen av de tre mislykkede graviditetene, har jeg ingen tro på at noe i mitt eget hode gjorde at jeg mistet. Men, da jeg først var kommet dit tror jeg at tett oppfølging og trygghetsfølelse hjalp meg til å holde på neste spire. Kanskje den tryggheten påvirket hormonbalansen min på en positiv måte slik at spiren satt? Eller kanskje hcg tilskuddet var det som skulle til? Det får jeg aldri svar på. Men, jeg synes ikke kvinner i vår situasjon skal legge ytterligere byrde på fortvilelsen og sorgen: jeg er overbevist om at det ikke er 'vår skyld' - og jeg tror heller ikke det er ikke så enkelt som å tenke positivt. Jeg gjorde det tre ganger og det gikk galt allikevel. Hilsen Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/142019496-gode-r%C3%A5d/#findComment-142034389
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå