Meg1972 Skrevet 16. mai 2010 #1 Del Skrevet 16. mai 2010 Har nyleg testa positivt for fyrste gong i mitt liv! Her er min solskinnshistorie (same som på ass. befruktning): Pga PCO har eg neppe hatt ein einaste naturleg eggløysing sidan eg slutta på p-piller sommaren 2008. Fekk heller ikkje EL på pergotimekurar (enkel-, dobbel- eller trippelkur). Fyrste IVF-førsøk i januar 2010 vart negativt og det same vart fyrste fryseforsøk i mars. Planen var nytt fryseforsøk i slutten av mai. Me var nok litt motlause, begge to... MEN så fekk eg av alle ting EL av meg sjølv i april. Positiv EL-test på syklusdag 14 - min aller fyrste og hittil einaste positive EL-test nokonsinne! Denne sjansen måtte me sjølvsagt nytta oss av på naturmetoden. Hadde småblødningar på syklusdag 22 - 25 (festeblødning?), men TR kom aldri. Tok 2 qr-testar som begge hadde svak, svak rosa strek - noko som gjorde meg veldig usikker på om testane var positive. Men sidan mensen ikkje kom, tok eg ein cb digital test torsdag (dag 34) som viste GRAVID :-) Dermed kunne eg ringja klinikken og seia at det ikkje vert fryseforsøk i slutten av mai! Eg og mannen min har snakka om at me rett og slett har hatt utruleg flaks. Eg hadde kjøpt inn all medisinen til neste fryseforsøk. For det at eg skulle bli gravid på eigahand var ikkje i mine tankar! Dette er heilt utruleg og det har nok ikkje gått heilt opp for meg enno. Kjenner enn så lenge lite på kroppen, litt stinn i magen og litt trøytt, kanskje. No håpar eg berre at dette går bra vidare framover... Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/141859690-eg-dristar-meg-til-%C3%A5-melda-overgang-til-dette-forumet/
Gjest Bjørnen Collargol*gravid Skrevet 16. mai 2010 #2 Del Skrevet 16. mai 2010 Gratulerer og velkommen! Så utrolig morro at det skulle klaffe den enen gangen du faktisk får el Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/141859690-eg-dristar-meg-til-%C3%A5-melda-overgang-til-dette-forumet/#findComment-141859705
Nurket1 - prøver 2010 Skrevet 16. mai 2010 #3 Del Skrevet 16. mai 2010 Grtulerer og velkommen hit! Fint at vi blir flere!!! Kos deg! Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/141859690-eg-dristar-meg-til-%C3%A5-melda-overgang-til-dette-forumet/#findComment-141859791
Lie79*har blitt mamma* Skrevet 16. mai 2010 #4 Del Skrevet 16. mai 2010 Gratulerer så mye og velkommen hit:o) Så fantastisk at dere klarte det på naturlig vis! Flott å høre at noen har litt flaks i dette gamet også) Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/141859690-eg-dristar-meg-til-%C3%A5-melda-overgang-til-dette-forumet/#findComment-141860412
Mamma`n til Ole Kristian Skrevet 16. mai 2010 #5 Del Skrevet 16. mai 2010 Hei og velkommen sier jeg også Jeg er også en slik forsiktig, lurer litt rundt i gangen her.....hehe Fikk ikke mens da jeg ventet på det når jeg brukte spray, tok tester og de ble positive:) Men er realist og tørr liksom ikke slippe gleden helt løs ennå, må nok ta noen blodprøver å få litt bevis før jeg tørr og tro det:) Så jeg ble også gravid av meg selv...... Klem fra meg:) Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/141859690-eg-dristar-meg-til-%C3%A5-melda-overgang-til-dette-forumet/#findComment-141862377
Meg1972 Skrevet 21. mai 2010 Forfatter #6 Del Skrevet 21. mai 2010 Då har eg fått bekrefta graviditeten med blodprøvar - tok blodprøve fredag for ei veke sidan og i går. Med fin stigning i HCG-verdien på dei to prøvane! Veldig kjekt å få telefon frå fastlegen med slike gode nyheter i dag før helga :-) No kan eg vel kalla meg gravid - sjølv om det nok ikkje har gått skikkeleg opp for meg! Neste kontroll vert i slutten av juni - håpar alt går bra fram til det! Og så kjem vel symptoma etter kvart, vil eg tru... Er 5+6 i dag. Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/141859690-eg-dristar-meg-til-%C3%A5-melda-overgang-til-dette-forumet/#findComment-141878417
mammasgull Skrevet 21. mai 2010 #7 Del Skrevet 21. mai 2010 Gratulerer såå mye, herli å høre. Har selv pcos, og det er noe skikkelig drit, for å si det mildt, og det er bra at selv vi med pcos kan lykkes. Fikk selv beskjed at jeg neppe har hatt eggløsning.....ever liksom... Så da ble det IVF, og den satt på tredje forsøk Skal du ha noen form for støttebehandling siden du har pcos? Progesteronstøtte? Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/141859690-eg-dristar-meg-til-%C3%A5-melda-overgang-til-dette-forumet/#findComment-141878671
Meg1972 Skrevet 21. mai 2010 Forfatter #8 Del Skrevet 21. mai 2010 Takk! Og gratulerer til deg også - med flott resultat og allereie 12 veker! Nei, eg går ikkje på noko medisin no. Det har ikkje vore tema heller - verken då eg ringde fertilitetsklinikken og avlyste fryseforsøket (som skulle vore neste veke!) eller når eg har snakka med fastlegen. Men så har eg heller ikkje spurt direkte om dette med progesteronstøtte, heller... Usikker på kor mykje fastlegen kjenner til anamnesen min, eg er ny pasient hos han. Har berre forstått at eg skal følgja vanleg opplegg sidan eg vart gravid på eigahand. Men merkar jo at eg vert litt usikker no sidan eg skjønar at enkelte andre får progesteronstøtte... Eg har PCO utan andre problem enn manglande eggløysning (som rett nok er eit alvorleg problem!), dvs ikkje overvekt eller andre symptom. Tenkjer jo at det beste er at kroppen ordnar opp utan medisin. Men kanskje eg burde ha spurt om dette med progesteronstøtte? Eller er det kun IVF-gravide PCO/PCOS-arar som brukar det? Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/141859690-eg-dristar-meg-til-%C3%A5-melda-overgang-til-dette-forumet/#findComment-141879433
Mamma`n til Ole Kristian Skrevet 21. mai 2010 #9 Del Skrevet 21. mai 2010 Hei og gratulerer så masse med fine blodprøver. Hva var hCG verdien dine??? Jeg gikk til gynekolog på onsdag, vi ble enige om at jeg skal bruke litt progesteron støtte i tiden fremover. Dette med min historie, alder og han mente det iallfall ikke er feil og gjøre det. Selv om de lærde diskuterer masse om dette.......så jeg sa ja takk jeg til en resept:) Klem fra meg Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/141859690-eg-dristar-meg-til-%C3%A5-melda-overgang-til-dette-forumet/#findComment-141879506
Meg1972 Skrevet 21. mai 2010 Forfatter #10 Del Skrevet 21. mai 2010 HCG-vediane mine var på 360 (ca 20 dagar etter EL) og 1500 (ca 26 dagar etter EL). Legen meinte det var fin stigning. Etter det eg skjønar varierer verdiane mykje frå person til person - og at det er stigning i verdiane som er viktig. Men dette er eg ingen ekspert på... Eg har ingen historie bak meg med tidlegare graviditetar - dette er aller fyrste gong for meg! Dermed ingen historikk på problem unser graviditet heller. Så det skulle kanskje ikkje vera nokon grunn til ekstra medisin for meg. Eg er ikkje akkurat noko ungmøy lenger - men folk har no fått ungar i ein alder av 38 tidlegare utan problem... Mykje nytt og spennande for meg for tida! Men eg orkar ikkje gå rundt og bekymra meg for det meste heile tida. Det er jo ein positiv situasjon dette! :-) Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/141859690-eg-dristar-meg-til-%C3%A5-melda-overgang-til-dette-forumet/#findComment-141879889
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå