Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

I går var vi faktisk på fjelltur!

 

Eg, ungane, mamma, pappa og hunden deira klarte å komme oss til toppen av det høgaste fjellet her omkring; Spjeldsfjellet med sine imponerandre 165 moh :D Men det ER ein drøy tur, spesielt for ungane. Vi brukte vel mellom 2 og 2,5 timar opp, og så ein drøy halvtime ned igjen (gjekk ned på andre sida, hadde parkert bilen der på førehand).

 

Eldste (4 1/2) gjekk heile vegen, men sutra ein del og klaga på vondt i beina. Vi la pastillar på dei blåmalte pinnene og vardene som viser vegen, og då gjekk det heile mykje bedre.

 

Lille (2 1/2) gjekk litt, men sat mest i bæresele på ryggen min. Ho fekk seg til og med ein liten lur, sjølv om den blei ein del kortare enn vanleg.

 

Etter turen kjørte eg og lille på senteret for å gjere ein del ærend, eldste var hos mamma og pappa, og då vi kom tilbake lagde vi pizza, og kom heim til leggetid for begge ungane (som slukna utan eit knyst) :o)

 

Deilig med tur i marka, spesielt på ein dag som i går, strålande sol, 13-14 grader og ikkje så veldig mykje vind.

 

Her er forresten fjellet vårt: http://www.mosjon.com/nor/Fylker/Hordaland/Fjell-Spjeldsfjellet#

Videoannonse
Annonse
Skrevet

...og her er guten på toppen. Men dette biletet er frå i fjor sommar, hadde ikkje med kamera i går. Utsikten er innover, i retning Askøy så vidt eg kan forstå. Til høgre i biletet ser ein vel i retning Bergen. Og hadde eg tatt bilete i motsett retning hadde ein sett utover mot alle øyar og skjær og så rett i havet. Kjenner eg er glad i denne øya vår, og det blir spesielt tydeleg når eg klatrar opp på ein topp :o)

 

http://www.facebook.com/photo.php?pid=5837924&l=6d2127edbd&id=670782526

Skrevet

Så kjempefint ut! Deilig å komme seg ut på den måten. Vi er på fjelltur så ofte vi kan og ungene er veldig glad i det.

Skrevet

Det er så deilig å komme seg ut slik!! Gir meg masse energi og sunne og friske barn. Bor du på en øy allså? Bro-forbindelse til fastland??

Skrevet

Jada, vi har hatt bru sidan 70-talet. Har alt vi treng her ute, og med rundt 25 000 innbyggarar tenker vi ikkje på at det er ei øy sånn til vanleg (med mindre vi skal over brua eller opp på eit fjell sjølvsagt) :o)

 

Eldste fekk for øvrig høg feber om kvelden etter fjellturen, så han er no hellig overbevist om at han ikkje tåler å gå på fjelltur for då blir han sjuk. Får ta ein bitteliten fjelltur nestegang for å vise at det ikkje er slik...

Skrevet

haha så deilige dei her:))) Åja det er såpass stor plass/øy dere bor på. Ja da er det ikke ei lita øy med veldig få innbyggere spredt litt rundt om hehe.. Jeg er ikke så veldig kjent i Bergen. Men er der en gang i året ca på fam.besøk. Men er ikke så veldig kjent i omegn.. hvor langt fra Bergen blir det dere bor?

Skrevet

Vi bur på Sotra, og kommunen vår grenser faktisk til Bergen (berre brua mellom). Men vi bur omtrent så langt vekk frå Bergen vi kan komme utan å forlate kommunen vår. Herfrå til sentrum er det vel drøyt tre mil, så kanskje 35 minutt å køyre.

Skrevet

Ja da vet jeg hvor det er. Vi kjørte feil en gang og hadde da retning Sotra hehe.. Kjører egentlig feil i sentrum av Bergen nesten hver gang vi er der..

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...