Gå til innhold

Oppdatering, ang. jenta som klør sånn


Anbefalte innlegg

Skrevet

Tenkte det var like greitt å lage ein ny tråd, sidan det ikkje er all verdas aktivitet her inne :o)

 

Var på kontroll med lille i går og tok opp ei heil liste med små "problem", deriblant kløen. Legen meinte at det truleg var eitt eller anna ho er allergisk mot, men med mindre vi såg nokon klar samanheng med matvarer eller klede/vaskemiddel osv, meinte han det ikkje var vits i å prøve å finne ut av det ein gong. Spesielt sidan ho berre er 2 år og allergitestar ikkje er så sikre i den alderen.

 

Han anbefalte å smøre ho med fuktighetskrem, mykje og ofte, sjølv om ho ikkje er tørr i huda. Dernest sa han at vi burde smøre ho med hydrokortison eller ev. sterkare kortisonkrem. Helsesøster foreslo å prøve f.eks. eurax i staden for hydrokortison.

 

Vi hadde hydrkortison liggande, så har smurt med det i går og i dag, skal på apoteket og kjøpe eurax og kamillekrem (eller var det på helsekosten?) i morgon.

 

Så får vi berre vente og sjå om det hjelper.

Videoannonse
Annonse
Skrevet

kamillekrem fåes kjøpt på helsekosten. Vet de har på postordre og , men min svigermor har erfart at den de har på helsekosten er mer effektiv enn den på postordre.

Skrevet

Ja, no har vi vore og kjøpt både det eine og det andre, så om vi ikkje klarar å få bukt med det med verken aloe vera, kamillekrem, eurax eller hydrokortison då veit eg ikkje kva vi gjer. Har i alle fall begynt med kamillekrem i dag og håpar det funkar.

Skrevet

Håper jeg og for jenta sin del. Kanskje lurt å prøve 1 ting i noen dager for å se.

Skrevet

Ja, var det eg tenkte eg og. No tar vi kamille ut veka i alle fall.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...