Ranveig R Skrevet 3. februar 2010 #1 Skrevet 3. februar 2010 Jenta vår (2 år og 3 mnd i morgon) har vore sein med mykje og har alltid lagt bak normalområdet med det meste men vips har ho funne nokre ting ho er god på og ) * språk I går var vi på helsestasjonen på forsinka 2-årskontroll. Då ho var 23 mnd begynte ho å herme etter ord, før det hadde ho utruleg få ord, kanskje 15? Men i går så babla ho i veg med helsesøster, og kom med mange setningar på 5 ord. Eg tenkte at endeleg er ho "normal" med noko, men helsesøster insisterte på at ho er tidleg. Ikkje veit eg, ho er seinare enn broren, men han var jo veldig tidleg. Fliiiinke jenta vår. * bleieslutt Ho har tissa i do nokre gongar, men etter eg kjøpte truser til ho i slutten av forrige veke er ho så å seie tørr. I dag har ho gått utan bleie i open bhg til og med, og tissa i do tre gongar (har aldri tissa i do andre plassar enn heime før i dag). Ho gav til og med beskjed då ho framleis hadde bleie på seg etter luren. Var bleielaus i bilen og klarte å holde seg eit par minutt mens vi parkete og kom oss i hus. Så her er det ein veldig stolt mamma som springer fram og tilbake til do med jenta kvart 15. minutt (for ho når ikkje heilt opp til å sette seg oppå sjølv), og ei veldig stolt jente som klappar for seg sjølv når det kjem tiss, og prøver å ta tak og riste tissen etterpå - for det har ho sett broren gjer
dollypopp *tvillinggravid* Skrevet 3. februar 2010 #2 Skrevet 3. februar 2010 Grunn til å være stolt da:-)
3 små!:) Gutt, gutt og jente! Skrevet 3. februar 2010 #3 Skrevet 3. februar 2010 Så moro:) Flinke jenta di!!
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå