Gå til innhold

Noen som kort kan forklare begrepene tradisjonalisme og modernitet/ det moderne prosjektet for meg?


Anbefalte innlegg

Skrevet

Innen Litteratur og kultur fra 1900-tallet! Mange år siden jeg gikk på skolen, og ikke alltid like lett å hjelpe de i huset som går på vgs.

Fortsetter under...

Skrevet

Modernitet kan definerast som dei nye erfaringane menneska gjer seg og dei nye tankane og den nye verdsforståinga som oppstår med framveksten av det moderne samfunnet frå ca. 1750 og framover. Forsøk på å bearbeide og setje ord på desse erfaringane kjem til uttrykk i mykje av kunsten frå same tid og framover, men særleg frå midten av 1800-talet.

 

Det moderne samfunnet, er eit samfunn som har gått gjennom ein viss industrialisering og urbanisering.

 

Det moderne prosjektet er eit filosofisk og kunstnarleg prosjekt i å bearbeide desse erfaringane og og setje ord på desse nye tankemåtane. Hovudideen innan det moderne prosjektet var trua på framsteget, mao trua på at verda gjekk framover og blei betre (dette kan vi også kalle utviklingsoptimisme) gjennom teknologisk utvikling, opplysning. Ein føresetnad for at verda kunne bli ein betre stad, var at mennesket var fritt og opplyst nok til å gjere dei rette vala.

 

Kunsten si oppgåve var å bidra til å gjere verda betre, gjennom opplysning og gjennom å setje problem under debatt (noko ein særleg gjer innan den litteraturhistoriske retninga realismen i perioden 1875-90).

 

Med tradisjonalisme meiner ein kunst som ikkje er eksperimenterande, som modernismen er. Altså kunst som bruker dei tradisjonelle formuttrykka, det tradisjonelle språket o.l. Altså eit figurativt landskapsbilete bruker det tradisjonelle formspråket, mens eit non-figurativt modernistisk verk (a Pollock) bruker eit eksperimenterande formspråk. Eit dikt med fast strofe- og linjeinndeling, samt fast rimmønser, bruker det tradisjonelle formspråket, mens eit modernistisk dikt utan denne faste inndelinga og med oppbroten syntaks (a Paal Brekke), bruker eit eksperimenterande formspråk.

 

På 1900-talet er det to ulike tilnærmingar til dei erfaringane som det moderne samfunnet førte med seg: den modernistiske, som eksperimenterte, og tradisjonalismen, som framleis brukte tadisjonelle kunstnarlege uttrykk.

 

Jaaada... håper dette var til hjelp. :)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...