Gå til innhold

Johanna?


Anbefalte innlegg

Skrevet

Johanna er det vakraste jentenamnet eg veit om. Diverre har eg merka meg at det er veldig "up and coming". Er det fleire som har den oppfatninga? Er det på veg til å verte poppis? Eg håpar i grunn det berre er eg som trur det.. ;-)

 

Har de forslag til namn som er fine å bruke etter Johanna? Eg har eit par gode alternativ sjølv, men det er kjekt å sjå kva andre syns. Likar best norske og norrøne namn. :-)

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Johanna er nydelig. Her i VEstfold er det ikke SÅ populært, Johanne er populært som mellomnavn. Kjenner bare en Johanna og hun er voksen.

 

Først noen norske alternativer:

Johanna Lovise

Johanna Louise

Johanna Petrine

Johanna Petrikke

Johanna Olette

Johanna Oline

 

Og norrøne:

Johanna Elida

Johanna Edvina

Johanna Fredrikke

Johanna Synnøve

Skrevet

Godt å høyre det, håpar det ikkje vert altfor vanleg.. Ikkje at det er noko krise, kan jo sjølvsagt bruke det om det vert vanleg òg. Men det er noko med det.. ;-) Johanna Elida var flott! Det er definitivt eit alternativ. Driv og tenkjer litt på Johanna Olava eg, syns det er litt tøft!

Skrevet

Holdt på å foreslå Johanna Olava, men synes kanskje endelsene i navnene blir veldig like? Men det er nå min mening ;-) Lykke til med valg:)

Skrevet

Johanna er fantastisk. Det som likevel hindrer meg i å bruke det, er at jeg liker JohannE littebitt bedre, og det at jeg gjerne vil bruke Johannes en dag.

 

Men det er veldig flott, stødig og vakkert, så ikke rart om flere får øye på det.

 

Johanna Marie

Johanna Sofie

Johanna Margrete

Johanna Kristine

Johanna Benedikte

Johanna Konstanse

Johanna Henriette

 

Skrevet

Barnefar har forresten forelsket seg helt i Evida om dagen, og det er mindre enn 3 i Norge som heter det. Så kan jo dele det med deg :)

 

Johanna Evida:)

 

Skrevet

Det som held meg litt tilbake på Johanna Olava er at det vert voldsomt mange a-ar. Johanna Evida var fint, må smake litt meir på det altså! Kunne godt tenkt meg Johannes som mellomnamn på ein son ein gong, men må vel leggje det på hylla når eg vel Johanna..

 

Kapabel, du kom med mange fine forslag! Likar godt både Johanna Marie, Johanna Sofie, Johanna Kristine og Johanna Konstanse, men dei er uaktuelle av forskjellige grunnar. For vanlege, feil i forhold til oppkalling og slikt! Men Johanna Margrete(Margrethe?) er det namnet eg absolutt likar best, og kanskje trur eg endar opp meg til slutt. Har i alle fall vore eit alternativ lenge! ;-) Einaste dumme er at det vert litt langt, men det gjer vel eigentleg ikkje så mykje..

Skrevet

Kom også på Johanna Kristense og Johanna Wilhelmine.

 

Johanna Margrethe er fint, litt langt, men ja. Min favoritt er likevel Johanna Marie, tror jeg.

 

 

Skrevet

Johanna Kristense er flott! Nedskriven på lista.. ;-) Langt det òg, men det er vel eigentleg ikkje så farleg. Johanna Marie er veldig fint. Hadde det ikkje vore for at eg har litt dårlege assosiasjonar til Marie, og at det er eit mykje brukt namn, hadde eg nok kanskje gått for det..

Skrevet

johanna er pent :) tror ikke det vil bli et poppisnavn.

 

johanna isabelle

johanna madeleine

johanna nicoline

johanna felice

johanna marielle

johanna kristine

johanna marie - likte denne best, tror jeg.

 

johanna evida var også pent :)

 

johanna oline? :)

Skrevet

Hei!

Dattera vår heter Johanna Maria:) Hun sa det selv her om dagen,-at det var ingen andre hun kjente som het det. Synes det er veldig pent:)

Skrevet

Johanna Maria er fint! Likar eigentleg Maria betre enn Marie, men eg trur nok det vert altfor mange a-ar, med tanke på at etternamnet mest sannsyleg òg har ein del a-ar. Hehe, er glad for at eg har god tid på meg! :-)

Skrevet

Johanna er det finaste jentenavnet eg veit om! Her i huset la mannen ned veto mot a-endingar, så her blei det ei Johanne i staden. Nydeleg det og, men sjølv etter to år held eg ein liten knapp på Johanna.

Eg syns namnet står best åleine, og det er på ingen måte så "poppis" at du treng eit namn til for at det skal skilje seg ut. I fjor blei 66 jenter kalla Johanna, så det tar nok nokre år før namnet kjem inn på topp ti lista endå ;)

 

Men på tross av motforestillingar mor doble navn prøver eg meg på ei liste :P

 

Johanna Alvilde

Johanna Elida

Johanna Eline

Johanna Elise

Johanna Hermine

Johanna Kristine

Johanna Maria

johanna margrete

Johanna Mathea

johanna Mathilde

Johanna othilie

Johanna Aurora

Johanna Olivia

Johanna Pauline

Johanna Sofie

Johanna Tomine

Johanna Ulrikke

 

Skrevet

Eg vert meir og meir glad for at de ikkje trur Johanna vert poppisnamn med det første. Begge mine yndlingsnamn(Oskar og Johanna) har hatt auke, så eg vertt litt irritert! ;-P

 

Hehe, eg er vel eigentleg kanskje einig i at Johanna står best åleine. Men eg har alltid ønskt meg eit mellomnamn sjølv. Difor har eg tenkt at ungane mine skal få det, iallefall. Er ikkje heilt sikker på om eg gjer det allikevel, for eg vert aldri einig med meg sjølv! Mange fine forslag, Johanna Margrethe og Johanna Elida er favorittane! :-)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...