Efua Menu♥ Gutetvillingar Skrevet 15. desember 2009 #1 Del Skrevet 15. desember 2009 Hadde murringar i magen i går (11+1) og utpå ettermiddagen vart det likt på luftsmerter. Kom litt blod, men ikkje så veldig bekymra. Drog på fest og magesmertene vart meir intense - kraftige menssmerter og plutseleg kjenner at eg blir våt i trusa. Det var friskt og koagulert blod. Klamra meg til håpet om at det var tvillingar og at den eine var død. Drog rett til legevakta og medan eg venta kom det berre meir og meir. Grusom følelse med det koagulerte blodet. Vart undersøkt av gyn og det var berre å konstantere at det ikkje var noko lik der. Han kunne ikkje seie kortid det hadde skjedd, men rekna med at eg ikkje hadde støtt ut eit lite barn og det difor hadde gått ei tid sidan det skjedde. Trudde eg var ferdig me det meste av blødninga, men det var heilt forgjævlig i natt. Måtte opp heile tida og sitte på do. Så vart eg så utruleg svimmel av alt blodtapet og måtte berre slenge meg ned på golvet. No går det litt betre, det verste er over, men det gjer fortsatt vondt.I går kveld før eg gjekk ut sa datra mi på 4,5: mamma, eg trur du har ein baby i magen. Hadde så lyst til å seie at det var sant, men heldigvis gjorde eg ikkje det. Hadde fått veldig stor mage siste to vekene, trudde seriøst på tvillingar, men så var han nok berre oppblåst. Blir han ekstra oppblåst av SA? Vi hadde planlagt det så nøye denne gangen, skulle bli født i juni-august og det klaffa på første forsøk. Om vi ikkje rekk det til at den eventuelle babyen blir født i 2010 veit eg ikkje om eg vil, føler det blir for stor aldersforskjell og så er eg allereie 35 år. Med første var eg kjempebekymra for at noko skulle gå galt, denne gangen tenkte eg nesten ikkje tanken. De som har vore gjennom dette fleire gangar, korleis klarer de? Ventinga, påkjenninga og aborten var jo nesten som å føde. No seit eg her mørbanka i underlivet og har ingen baby. Tenker at eg får vere glad for dei to eg har, skjer det ein gong til trur eg ikkje eg vil prøve fleire gongar. Legen rådde meg til å vente på ein menstruasjon før vi prøver på nytt. Gjer alle det? Det kjennest iallefall ut som om kroppen blir bra reinsa som det er, så det er kanskje mest for å vite kor langt ein er komen. Får vente litt med julegåva til jentene: Det bor ein baby i magen... Foretrekk å skrive her, ikkje på terminklubb eller 1 trimester, berre dumt at andre skal bli bekymra. Ikkje lenger Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/141138312-denne-gangen-var-eg-ikkje-bekymra-i-det-heile-og-s%C3%A5-mista-eg/
Meg med tre små prinsesser Skrevet 15. desember 2009 #2 Del Skrevet 15. desember 2009 Så trist at du måtte oppleve dette. Er utrolig tungt å miste. Man er både trist, skuffet og sint. Jeg var 12+1 da jeg mistet. Vi hadde fortalt det til jentene våre på 6 og 3 år. De gledde seg slik til å bli storesøstre. Var utrolit tungt å måtte fortelle dem at babyen var død.Noe av det tyngste jeg har gjort i hele mitt liv. Når vi blir gravid igjen skal vi prøve å vente med å si noe til jentene. Men jeg fikk mage veldig tidlig sist. Så blir det slik igjen blir det vanskelig å skjule det... Håper virkelig at spiren deres sitter neste gang, og blir et velskapt lite barn:) Stor trøsteklem fra meg Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/141138312-denne-gangen-var-eg-ikkje-bekymra-i-det-heile-og-s%C3%A5-mista-eg/#findComment-141138776
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå