Gå til innhold

Min fødsel - mye lettere enn forventa


Anbefalte innlegg

Endelig kom Emilie til verden søndag 22 november, to dager før termin:)

 

Våkna klokka 07.00 om morgonen av litt vondt i magen. Det kom med ca fem min mellomrom men var ikkje så vondt, men tenkte at no var det i gang. Eg stod opp ca åtte og laga frokost og styrte på, kjente litt på desse, som eg etterkvart skjønte var, riene, som kom annankvart minutt no. Ca 09.00 ringte eg til jordmor for eg synest det kom så ofte, men var ikkje så sterke. Ho trodde det bare var maserier og at det ville ta tid, eg var førstegangsfødande, så vi blei enige om at eg skulle ringe når de varte i 40 sekund og hadde holdt på regelmessig i 30 minutt. De varte no bare i 20-30 sekund. Etter dette blei det fort vondere, men holdt det fint ut:) Begynte å kaste opp etterkvart, men ellers fikk eg tatt ein dusj og gikk rundt og rydda litt, men så blei det så vondt at eg la meg i senga på alle fire og ynka meg gjennom riene som fremdeles kom annankvart minutt. Fikk samboeren til å ringe til jordmor igjen, sjølv om riene framleis bare varte i 30 sekund. Ho sa vi skulle komme ned og ca halv tolv var vi hos ho. Da var det fire cm åpning og spent vannblære som stod ut livmorsåpningen og det var rett i ambulansen, 1,5 time til sjukehuset. Vi kom fram på sjukehuset halv tre og da var det rimelig vondt og 7 cm åpning. Prøvde litt lystgass, men likte det ikkje og følte ikkje det hjalp. Eg sleit litt med å puste meg gjennom riene og lagde masse lyd!!! Jordmora foreslo morfin, men eg nekta, føler det kunne være skadelig for babyen. Gikk opp og sto litt i preikestol og da var det heilt forfærdelig vondt ei stund, eg visste ikkje kor eg skulle gjere av meg! Jordmor ville da ta vatnet pga at hodet stanga mot bekkenet i staden for å komme ned og feste seg. Det kom ein lege til som gjorde dette. Det var da litt fare for at navlestrengen kunne komme i klem så de var redde for hastekeisersnitt, men det de håpte ville skje var at når vatnet gikk så ville hodet dette ned i bekkenet. Dette gikk fint og var akkurat det som skjedde, eg fikk samtidig bedøvelse, som skulle hjelpe litt på riene, eg ropte at eg ville ha bedøvelse når ungen skulle ut, for det har eg sett for meg er det værste, det var denne bedøvelsen eg trodde de satte, men så var det altså denne andre mot riene eg fikk, fikk eg vite etterpå.Har ikkje hørt om den før og huske ikkje navnet men var noko sånt som pcb blokkade. Denne bedøvelsen var heilt grusom vond når han satte, men etter dette gikk eg snart over til å få pressrier, så at de tok vatnet var veldig bra. Når pressriene kom var det opp i alle fire og eg hadde ein sakkosekk som eg støtta meg på, no prøvde eg lystgass igjen og no hjalp den utrolig godt og det var heilt herlig å få pressrier i staden for dei andre. Etter tjue minutt pressing så kom ho som eit skudd ut, og det er heilt utrolig men eg kjente det ikkje!!! Eg var sikker på at eg måtte ha fått bedøvelse, men jordmor seier at det hadde eg ikkje! Eg hadde blitt forespegla ein stor unge på minst fire kilo, men ho var bare 3370 gram og heile 53 cm lang, så lang og slank. Ho var heilt nydelig fra første stund og fikk full skår på apgartesten. Ho kom klokka fem, bare 9 timer etter at alt starta. Det var jo ganske vondt etterkvart, men eg tenkte med en gang etterpå at dette kunne eg gjere igjen og eg er veldig glad for at det gikk så fort, for eg rakk ikkje å tenke så mykje og tida flaug bare!! Morkaka kom ellers ut med ein gang, eg revna heldigvis ikkje, men fikk nokre små rifter. Syinga og behandlinga etterpå var noko av det vondeste, men da hadde eg i alle fall min elskede emilie hos meg og ho er heilt fantastisk vakker!

 

No storkoser vi oss heime, ho sover stort sett heile tida, eg har masse melk og ho spiser godt. Det er lite skriking, bare når ho ikkje får mat med en gang ho har funne ut at ho vil ha det:)

 

Fortsetter under...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...