Gå til innhold

Gravid på ny etter senabort i sommer... Veldig rar følelse.


Fru.Gravidpåny :-)

Anbefalte innlegg

Fikk påvist kromosomfeil og valgte abort i uke 14 nå i sommer.

Det eneste jeg har hatt i tankene er å bli gravid på ny, og i går viste testen en bitteliten svak svak strek - og litt sterkere strek i dag så det er nok ingen tvil.

 

Jeg er jo glad for at vi klarte å bli gravide så raskt etter, men nå kommer redselen snikende - hvordan skal jeg holde ut til UL tid og evnt morkakeprøve? Blir enromt lenge å vente - og jeg er ganske sikker på at vi velger å ta prøven. Det var jo den som ga oss svarene forrige gang.

 

Sliter også litt med at vi faktisk valgte å ta bort et liv - fordi det ikke var perfekt... Har vi virkelig rett til å gjøre sånn? Har lovet meg selv å ikke tvile på valget vi tok - men det er vanskelig.

 

Skjer dette en gang til så er det nok ikke mening at vi får barn.

Er 37 og blir nok akkurat 38 ved termin denne gangen.

 

Ønsker alle dere gravide og ikke gravide lykke til der ute :-)

Deilig med et forum hvor man kan identisere seg med andre.

 

Fortsetter under...

Lykke til med ny graviditet!

 

Eg skjønnar godt at du kjenner på mange vanskelege tankar akkurat no, fordi eg har vore bort i ein liknande situasjon sjølv. I fjor opplevde eg to spontanabortar på eit halvt år. Den første skjedde veldig tidleg, men vart først oppdaga i veke 11. I den siste fekk eg konstatert at det var noko gale med fosteret i veke 11, men då eg kom til fosterdiagnostikk viste det seg at naturen hadde ordna opp sjølv. Eg slapp dermed å ta stilling til abort eller ikkje, og det var eg sjølvsagt veldig glad for. Trur nok det er vanskeleg å ikkje tenkje på valet du tok i ettertid, det var nettopp det eg var mest redd for. Men samtidig tenkjer eg at du i din situasjon må prøve så godt ein kan å forsone seg med at ting blei som dei blei. Du måtte velje der og då, og valet kjendest rett i den situasjonen du var. Å angre vil slite deg ut, trur eg. Dessutan veit du heller ikkje om det ville ha gått bra vidare. Eg skjønnar som sagt at det ikkje er lett å la vere å tenkje på det, men trur nok du treng konsentrasjonen din framover til å tenkje andre og meir positive tankar enn på det som har vore. :-)

 

Eg ser at du skriv at dersom det ikkje går bra denne gongen, så er det nok ikkje meininga at de skal få barn. Det er nok ikkje så enkelt som det, heldigvis vil eg seie, for min del i alle fall :-) Då eg mista for andre gong, sa dei til meg på sjukehuset at det ikkje var nokon grunn for at vi ikkje skulle prøve igjen, for dei fleste som blir gravide mange nok gongar vil oppleve ein eller to spontanabortar. Det er oftast tilfeldigheiter, og for dei aller fleste er det ingen bakanforliggande grunnar for at det skjer. Vi bestemte oss derfor for å prøve ein gong til, trass i to negative erfaringar. No er eg gravid for tredje gong på eitt år, og denne gongen ser det ut som det skal gå bra, trass i uflaks to gonger i fjor. Eg er 27 veker på veg, og til no har alle undersøkingar vore fine.

 

Med andre ord er det gode sjansar for at det går bra for dykkar del! Du må rett nok gjennom ei slitsom tid no framover, til det viser seg at alt står bra til. Men hugs at statistikken talar for at det skal gå din veg denne gongen. :-) Prøv å bite deg fast i det positive. Og som sagt, lykke til med den nye graviditeten!

 

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...