lykketrollet:) Skrevet 18. juli 2009 #1 Skrevet 18. juli 2009 Noen som har tips å komme med??? Vi tenkte å sette oss i bilen på mandag og kjøre mot Geilo og videre mot Bergen via Kinsarvik- Utne.... Overnatte i Bergen og så kjøre nordover slik at vi kan se endel kyst før vi 'svinger' inn Sognefjorden mot Sogndal.... Vi er veldig lite kjent, og har kun sett utifra kart... Men har også veldig lyst til å se Geiranger og Trollstigen før vi setter snuta sørover og hjem (Drammensområdet).... Ser jo at turen er omfattende, men pytt pytt... Hva bør vi se? Gjøre? Hvor bør vi stoppe?? etc etc. Takker for alle svar
soleia Skrevet 19. juli 2009 #2 Skrevet 19. juli 2009 Ser du har ikkje fått nokon svar her. Ville i allefall stoppa og sett på Vøringsfossen på veg ned frå Hardangervidda. Ellers trur eg det er morellsesong no i Hardanger, kjøpte langs med vegen i fjor, putta pengar på eit glas og plukka med ei korg, mmmm.... Veit ikkje kor lang tid de har, men ville vurdert å køyre via Voss til Sogndal. Er mykje lengre ytre vegen, og synes det kan bli litt langdrygt, sjølv om Sognefjorden jo er fin der den er vid og brei. Kan hende er eg litt farga av at eg er frå området sjølv, men kjem ikkje på så mykje å gjere langsmed vegen. Om de har god tid kan jo ein avstikkar ut til det vesle øysamfunnet Fedje vere ein ide. Der kan ein leige overnatting på Hellisøy fyr. Om de vil sjå havet, kan de ta ein tur ut til utsida av Sotra og til Øygarden medan de er i Bergen. Feks ta ein spasertur opp til varden på Turøy. Om de tek vegen om Voss kan de bruke kun 4 timar til Sogndal, men er ein del avstikkarar langs med vegen som kan vere verd å ta. Feks sjå den klassiske utsikta over Nærøydalen frå framsida av Stalheim hotell. (gå gjennom resepsjonen, dei er vant til det og tek kanskje kr 10) Om sjåføren ikkje er skvetten kan de ta gamlevegen ned Stalheimskleiva attende til hovudvegen. Frå Gudvangen er det mogleg å ta turistferje ut Nærøyfjorden til Lærdal. Om de vel landevegen, kan det vere verd å ta ein avstikkar til Undredal. Denne vesle sjarmerande bygda var veglaus inntil for få år sidan. No er den kjend for produksjon av geitost. Den har og ei nusseleg lita kvit kyrkje, minste sognekyrkje i landet, som faktisk er ei gamal stavkyrkje. Den 24 km lange lærdalstunnellen er jo litt attraksjon i seg sjølv, med dei lyssette fjellhallane, men er jo mest vanleg tunnell. Alternativt går det an å køyre snøvegen, som snirklar seg opp frå Aurland sentrum, og som har ei fantastisk utsikt over Aurlandsfjorden. På toppen er ei utsiktsplattform som har vore på framsida av eit amerikansk arkiteturblad. Vegen går vidare over fjellet ned att til Lærdal. Her kan det vere verd å ta ein stopp og kike på det fine trehusmiljøet i sentrum før de fer vidare mot Sogndal. Fjærland har jo bremuseet og bokbyen som attraksjon, og kan og vere verd ein stopp. Skal ikkje gå i detalj om vegen vidare, men i Geiranger ville eg fått med meg ein tur på fjorden, anten med ferja frå Hellsylt eller med turistbåt. Det går an å gå opp til enkelte av fjellgardane om eit hoppar av båten. Trollstigen er og verd å få med seg, ja. Ynskjer deke god tur og god ferie! Håpar veret vert like fint som det har vore før i sommar, sjølv om me no har fått litt tiltrengt regn nokre dagar.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå