tnordas Skrevet 9. juli 2009 #1 Del Skrevet 9. juli 2009 Har berre lyst til å fortelja om min setefødsel, kanskje for å roa andre som har barnet i sete og gruar seg til fødselen. Dette var min andre graviditet, og fyrstemann brukte 18 timar på å koma ut. Så eg var budd på at denne fødselen òg kom til å ta si tid. Men der tok eg feil! Fødselen byrja 3 dagar over termin. Eg vakna 1:30 på natta av eit voldsomt stikk i ryggen. Sto opp og innsåg fort at dette var rier, og dei var tette! Me var på føden rundt 3 og det vart konstatert 9 cm opning! Eg var heilt sjokkert; var så sikker på at dette skulle ta tid! Smertene var ganske intense, men heldigvis rakk dei å setja epidural, sidan det er eit krav ved setefødsel. Så var det berre til å jobba for å motstå den kraftige presstrangen eg hadde. Det var viktig at småen låg så langt nede som mogleg før eg fekk byrja å pressa. Rundt 5 var alt klart, bortsatt frå at legane var opptekne med ein KS. Så då låg eg der om jobba mot presstrangen, mens jordmor sat og skubba på stumpen under kvar ri.Klokka 5:30 gjekk ho og ga beskjed til legane om at dette ikkje gjekk lenger, ungen var overklar til å koma ut! Så då kom 2 legar, mens den siste og mest erfarne framleis sto med keisersnittet. Endeleg fekk eg lov til å pressa! På fyrste ri som rumpe, kropp og armar. Dei to legane sleit litt med å få lagt på tanga og måtte hala KS-legen inn. Han fekk det til med ein gong, og 5:45 var Sigurd ute! Han scorte 8 på Apgar og var 3750 gram. Alt bra på alle måtar! Det var litt plunder med morkaka etterpå, som måtte hantast ut manuelt. Likevel var eg i fin form og oppe og gjekk få timar etter fødselen. Eg synest alt i alt det var ei veldig flott oppleving! Mykje bedre enn evigheitsfødselen med fyrstemann, då eg var heilt på felgen i mange dagar etterpå. Eg er så glad for at eg tilhøyrer eit sjukehus der legar og jordmørde har god kompetanse på setefødslar. Hadde vore leit å bli snytt for den fine opplevinga dersom eg måtte tatt KS. No er eg gravid med tredjemann, og blir denne liggjande i sete er eg ikkje redd for å føda ein gong til. Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/140354953-min-setef%C3%B8dsel/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
tnordas Skrevet 6. august 2009 Forfatter #2 Del Skrevet 6. august 2009 Kom over nokre tal her, som eg syntest var interessante: I perioden 1981-98 var det i Norge 27433 enkeltfødsler i seteleie med fødselsvekt over 2500 g. Etthundreogseksti barn døde perinatalt (0,59%). Hvis man korrigerer for dødelige medfødte misdannelser (n=77) og død før innkomst i sykehus (n=60), blir den korrigerte perinatale dødelighet 0,09%. Blant de 27433 setefødslene kunne bare tre eller fire dødsfall relateres til en komplisert vaginal fødsel. Det seier noko om kor trygt det er å føda i sete, så lenge ein er nøye med utvelginga på førehand. Altså, kun lar dei føda som oppfyller kriteriene - som jo er ganske strenge. Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/140354953-min-setef%C3%B8dsel/#findComment-140474357 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Suss@ med 3 gutter Skrevet 10. oktober 2009 #3 Del Skrevet 10. oktober 2009 Fantastisk, var veldig likt min fødsel.. Virkelig ikke noe å frykte att rumpa kommer først nei;) Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/140354953-min-setef%C3%B8dsel/#findComment-140791623 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå