Gå til innhold

Liten gut fortel=)


Anbefalte innlegg

Skrevet

Fekk eit dikt på helsestasjonen...Synst da var så fint

 

 

Eg fekk det ordet

eg var tverr

og lei og vrang

og sky og skjerr

 

Eg ikkje anna

høyra fekk,

og sturen var eg

kvar eg gjekk

 

Visst er eg vrang

og vond og sur

men eg må vera

slik dei trur

 

Så hende det

ein vakker dag

at alle ting fekk

eit anna lag

 

Igjennom veggen

høyde eg

at nokon tala

godt om meg.

 

Eg ville ikkje

lyde på,

men stilte meg

så lett på tå-

 

og høyrde før eg

smeit meg ut;

"Han er så grei

og gild ein gut"

 

Eg kvakk til,

men vart så glad

då eg fekk høyre

kva dei sa.

 

Eg gøymde meg

og stod og gret

men alt ikring

vart ljost på let.

 

Og midt i gråten

tenkte eg,

at når dei trur

så godt om meg

 

då skal eg jammen

syne dei

at eg kan vera

god og grei

 

Dei godord gjorde

dagen bjart

Å du,kor hjertevarm eg

vart!

 

 

-Jan Magnus Bruheim-

 

 

Eit dikt til etter tanke=)

Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...