hpetrea Skrevet 6. desember 2008 #1 Del Skrevet 6. desember 2008 Etter to "missed abortions" siste halve året er eg rådvill og lurer på kva eg skal gjere dersom eg blir gravid igjen. Første gongen ba eg om tidleg ultralyd på grunn av alder, men eigentleg mest fordi kjærasten min bur i utlandet og ikkje ville ha høve til å vere med på vanleg ultralyd. Siste veka før eg kom til gynekologen synest eg ting var rart. Ikkje hadde eg følt meg særleg gravid, og livmora var heller ikkje blitt noko større. Når ein nærmar seg tre veker på veg, rekna eg liksom med at det skulle vere mogleg å kjenne det, dersom ein kjende godt etter. På ultralyd konstaterte gynekologen at utviklinga hadde stoppa rundt veke åtte eller ni, dvs. to-tre veker før eg kom dit. Legen meinte at dette berre er slikt som skjer, og at sidan vi ikkje hadde jobba målretta meir enn tre-fire månader med å bli gravide, ville det ikkje vere problem å oppleve det på nytt. I tillegg gav han beskjed om at eg skulle kome tidlegare neste gong, og så skulle eg få litt meir oppfølging. Han hadde rett, for etter ein mens var eg gravid igjen. Eg både glad og bekymra. Første ultralyd i veke 7. Då såg alt normalt ut, og eg fekk beskjed om å kome tilbake i veke 11. Denne gongen hadde eg håpt at eg endeleg skulle kunne begynne å glede meg på at det skulle gå bra, for uflaks to gonger på rappen tenkte eg ville vere utgjort. På ultralyden vart det dessverre oppdaga at hevelsen i nakkefolden var større enn han burde vere og at det var vanskeleg å få fosteret til å bevege seg. Legen sende meg vidare for nærare undersøkingar, men då eg kom dit litt over ei veke seinare, viste det seg at fosteret hadde døydd i mellomtida. Tanken på å måtte ta vanskelege, for å ikkje seie umoglege - avgjerder dersom det viste seg å vere noko alvorleg med fosteret hadde skremt vettet av meg i meir enn ei veke. Derfor var det på ein måte ei lette å få vite at naturen hadde ordna opp sjølv, uansett kor trist det var. Det er ikkje uvanleg å abortere to gonger, det visste eg jo, og derfor var eg jo ikkje trygg på at det ville gå bra denne gongen heller. Legen på Kvinneklinikken sa at eg måtte sjå på det som maksimal uflaks, sidan eg opplevde to abortar rett etter kvarandre på første forsøk. Etter ein del alvorlege diskusjonar har vi blitt enige om å prøve igjen, og vi trøstar oss til at legen på sjukehuset sa at det ikkje var nokon grunn for at vi ikkje skulle gjere det. På ein måte kunne eg sjølvsagt tenke meg å ta ein time out frå alt som heiter temperaturmåling, syklus og den slags, men sidan vi for tida ikkje har høve til å bu i lag og eg allereie har blitt 39 kan vi jo ikkje vente veldig lenge før siste toget har gått.. Det eg lurer på no er kva eg skal gjere dersom eg blir gravid igjen. Er det nokon som har liknande erfaringar, og kan gje meg nokre råd? Får ein spesiell oppfølging når ein har mista to gonger? Kva består det i så fall av? Eg er usikker på om det er vits i å springe til legen stadig vekk. Etter dei to føregåande svangerskapa har eg jo fått eit anstrengt forhold til ultralyd. Og dessutan gjev jo ultralyden berre eit bilde av korleis det er akkurat no. At det er liv og at hjartet slår i dag, betyr jo ikkje at det treng å vere slik i morgon... Som de sikkert skjønnar er det mange tankar i hovudet på meg no. Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/139241347-kva-gjer-vi-no/
Luddes mamma Skrevet 7. desember 2008 #2 Del Skrevet 7. desember 2008 Hei Føler med deg. Jeg hadde en MA på mandag og var i uke 14. Har nå mistet 3 ganger på rad i år (en MA i april i uke 10 og en SA i uke 4+3 i august). Siden jeg nå har hatt 3 aborter i rad skal jeg nå få komme til utredning. Det er grensen de har satt her (bor i Sverige). De skal ta en del tester, måle div. hormoner og se på eggleder mm. De skal også se på andre muligheter. Bla. det faktum at jeg har et annlegg for å lettere få blodpropper... Mulig dette kan bidra til at fostrene mine dør... Har fått beskjed om at de ofte ikke finner ut av det. Desverre. Jeg har heldigvis en nydelig sønn på 3 år som jeg kan glede meg over, men jeg er snart 36, og har veldig lyst på en til. Men jeg vet ikke om jeg tørr å evt. gå gjennom dette en gang til. Føles som man dør litt hver gang. Krysser fingrene mine for deg og håper på det beste! Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/139241347-kva-gjer-vi-no/#findComment-139246283
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå