Gå til innhold

Korleis lage sin eigen kebab?


Anbefalte innlegg

Skrevet

Særleg interessert i ei god oppskrift på kebabsaus.

Skrevet

dytter denne litt opp, for er interessert i å vite åssen man lager hjemmelaga kebab selv ;)

Skrevet

Lag noe med kylling kjøttdeig. Da smaker da alltud kebab... hehe..

 

Neida, seriøst jeg vet ikke jeg.

Skrevet

kjøper kryddermix på butikken og blander med kjøttdeig

Skrevet

trykka litt fort..

 

her går det i posekrydder i alle fall

Skrevet

Fann ei oppskrift som såg enkel og grei ut. Prøver denne i morgon.

 

Klassisk gatekebab

 

 

Er du lei av oppskrifter der halvparten av ingrediensane er umulig å få tak i? Kebabologisk Institutt gir deg no den ultimate oppskrifta på 1-2-3 kebab.

 

 

BRØD

 

Til både pita og lefse - 3 store kebabar:

3 dl kveitemjøl

1 og ei halv ts bakepulver

1/4 dl olje

1 dl vatn (varmt)

1 ts sukker

 

 

 

Framgangsmåte:

Bland ingrediensane til dei ikkje lenger klistrar til bollen.

Del deigen opp i 3-4 bollar. Bank dei flate, og strø mjøl på begge sider. Rull dei så ut til 20-30 cm sirklar.

Plasser dei så på ei varm flate (helst steinovn, men vanleg ovn går fint).

 

Lefsa vil no blåse seg opp. Snu den slik at den blir gylden på begge sider. Dette skal ikkje ta meir enn max 2 min per lefse.

 

For pita er oppskrifta som over. Bank bollane til dei blir i underkant av 1 cm tjukke. Kast dei i ovnen og vent til dei blir lett gyldne og sprø. Skjær dei så til som ei lomme.

 

NB!

Dersom dette var for vanskeleg og tidkrevjande, er frysedisken på RIMI behjelpelig med pitabrød. Til lefsene kan du bruke kjøpe-tortilla, men dette gir eit klart drawback på opplevinga.

 

KEBABSAUS

 

1 pk majones blir blanda ut med KEFIR slik at det blir ein saus.

2 Fedd hvitløk (pressast og dryssast i)

1-2 duskar persille (kuttast i bittesmå bitar)

Ketchup til det blir rosa farge

 

Likar du sausen sterk? Kjøp deg eit kruttsterkt chilikrydder og tilpass etter behov.

 

Var dette også for vanskeleg? - Ein kan få kjøpt Idun Kebabsaus på butikken, men denne er lavmål i forhold til den heimelaga.

 

KEBABKJØTT

 

Mange kebabkjøtt-oppskrifter er tilpassa storkjøkken og folk med god tid. For deg med eit realistisk forhold til eigen kokkekunst anbefalar me fylgjande:

 

Kjøp inn kjøtt til oppskjæring. Eksempelvis flatbiff, mørbrad eller kyllingfilèt. Lammekjøtt er nok mest utbreidd på kebabkjøkken, men vanskeleg å få tak i for forbrukarar.

 

 

 

Framgangsmåte:

Har du tilgang på grill bør du grille biffane før du skjærer dei i strimler. Ettersom kebab faktisk betyr "grilla kjøtt" er dette den "rette" måten. For deg som ikkje har grill er det berre å surre strimlene lett på panna.

 

Av krydder kan me anbefale arabiske klassikarar som: Muskat, ceyennepeppar og chili. Du kan også bruke "grillmix"-krydder, men vær forsiktig med mengden, då denne typen krydder fort gir retten eit "amerikansk" preg.

 

NB!

Dersom du er ute etter ein interessant FUSION, kan me anbefale finnbiff (reinsdyrkjøtt). Du kan også bruke strimla svinefilèt, men dette hadde neppe blitt servert i arabiske land.

 

FALAFEL

 

For deg som ikkje likar kjøtt, eller er av den sunne typen, kan me anbefale falafel.

 

Du legg då kikerter i vatn over natta. Dagen etter mosar du desse med kjøkkenmaskin, og tilset så kvitløk, persille og salt. Bruk hendene og form massen til små "brikettar" eller kuler som du så steiker i olje.

 

TILBEHØR

 

Du har no på plass dei tre hovudingrediensane i kebaben; brødet, sausen og kjøttet. Tilbehøret forøvrig er smak og behag. Me har likevel laga ei liste:

 

Standard tilbehør:

- Salat (prøv gjerne med noko anna enn kinakål)

- Løk (rødløk gir ein frisk farge)

- Mais

- Tomat

- Agurk

- og evt. sjampinjong

 

Bør prøvast:

- Fefferoni (denne grønne peparfrukta kan du kjøpe på eksotiske butikkar, les meir om den her)

- Dersom du lagar rullekebab, skjær agurkane i avlange strimler som ligg på langs i heile kebaben. Forutset at du likar agurk.

 

SERVERING

 

Server gjerne kebaben på samme måte som du får den på stamplassen din. Gjerne med aluminiumsfolie og evt. plastgaffel. Dette gir den ultimate "gjer-det-sjølv"-opplevinga.

 

 

 

 

 

 

 

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...