Fiola Biola Skrevet 20. september 2008 #1 Skrevet 20. september 2008 Fikk lyst å dele dette med dere. Skrev det i fjor en gang: Om vegen ut av mørket. Alt er eit ork. Å vere verkeleg glad synest umogleg, og når du tenkjer tilbake på tidlegare tider der du har vore tilfreds med livet, tenkjer du no at det ikkje var ekte nok. Alt er keisamt. Du kan ikkje konsentrere deg. Du har ei ubeskriveleg uro i kroppen, men er samtidig for sliten til å gjere noko. Du har jo ikkje fått sove ordentleg på lange tider. Når ein har det slik, er det lett å kjenne på håpløysa. Ein kan kjenne seg så avmektig og tru at ingenting kan gjerast for at ein skal få det betre. Sjølv om andre får det betre, så tenkjer ein gjerne at ”det gjeld ikkje meg, eg er for håplaus”, men det gjeld deg óg. Det er ikkje sant at du er håplaus. Det er berre noko depresjonen får deg til å tru. Eg har prøvd det. Linjene i avsnittet over er mi oppleving av å vere deprimert. No har eg lyst å dele med dykk, noko av det som var til hjelp for meg på vegen frå ”det totale mørke” til der eg er i dag. Eg tilrår å ta imot den hjelp ein kan få, men her vel eg å fokusere på det ein kan gjere sjølv: Det har hjelpt å halde seg i aktivitet. Då eg ein periode var sjukmeld, sa eg at eg ønska såkalla ”aktiv sjukmelding”, slik at eg kunne vere litt på jobben og gjere berre det eg orka. Det er tungt å komme i gong med noko når ein er langt nede, men når ein først er i gong, kan det gi ein pause frå drøvtygginga av negative tankar. Nokre gonger hjelpte det å tvinge seg ut vere saman med nokon. Andre gonger var det berre slitsamt, men eg trur det er lurt å prøve, og heller trekke seg tilbake om det blir for travelt. Då er det berre om og gjere å ikkje ta det som eit nederlag om ein ikkje orkar så mykje. Eg har jobba ein del med måten å tenkje på. Ein kan lære seg å stille spørsmål ved eigne negative tankar, og ta dei for det dei er, nemleg berre tankar - ikkje sanningar: I staden for å ramse opp alt ein skulle ha gjort, men som ein ikkje har orka, kan ein heller notere seg det ein faktisk har gjort. Eg prøvde kvar dag å liste opp positive ting. Om eg ikkje fann noko som eg syntes var positivt, skreiv eg ned ting som eg ville sett på som positive før eg blei deprimert, og eg tok med ting som kan verke heilt banale når ein er frisk. Av og til når grublinga tek overhand, må ein berre seie til seg sjølv at ”du kjem ingen veg med å gruble meir på det der. Det hjelp verken deg eller andre å dvele meir ved dette” Når ein er deprimert, er det så altfor lett å klandre seg sjølv. Ein er ofte veldig streng mot seg sjølv. Det har hjelpt meg å stille spørsmålet: ”Kva ville du sagt til ein venn i ein liknande situasjon?”, og å prøve å seie det same til meg sjølv. Ein må finne ein balanse. Kanskje må ein vere litt hard med seg sjølv når ein jobbar for betring, men samtidig må ein gje seg sjølv lov til å vere sliten. Eg grubla mykje på dette med meininga med livet. Etter ei tid kom eg fram til at slike tankar gjorde berre vondt verre, og eg konkluderte med at ”Ok, kanskje der ikkje er noko universell meining med livet, men det går an å ha det greit likevel, med det som mål å gjere livet så godt som råd for andre og meg sjølv”. Eg trur kvar og ein må finne si meining i sitt liv. Eg begynte å setje meg mål for framtida; Kortsiktige, ørsmå mål som å gjere ferdig eit handarbeid og sjå ei nyheitssending for dagen. Seinare; å komme tilbake i jobben. På lengre sikt hadde eg lyst å bruke mine erfaringar som pasient til noko nyttig. Eg trur det er viktig i starten, at ein ikkje forventar for mykje av seg sjølv. F.e. kan ein ha som mål noko ein skal gjennomføre, men det er kanskje for mykje å forlange av seg sjølv medan ein enno er ganske deprimert, at ein også skal ha glede av det. Etter at eg kom ut av ”den mørklagde tunellen min”, har det vore viktig å skilje det å vere sliten eller lei seg og å vere på veg inn i ein ny depresjon. Ein dårleg dag treng ikkje vere starten på ein ny lang, depressiv periode. No har eg vore ute av depresjonen i eitt år. Eg har jobba fullt i ein jobb eg trivast kjempegodt i, sidan november i fjor. Eg har ein herleg kjærast, noko som for eitt år sidan, for meg var heilt utenkjeleg, og eg har no byrja på ei utdanning som eg lenge trudde var spolert på grunn av eigne problem, og som kan gje meg sjansen til å bruke mi brukarerfaring til noko nyttig. Livet er godt.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå