birma og tredjemann Skrevet 8. september 2008 #1 Del Skrevet 8. september 2008 lurer litt på dette. Har kjøpt inn noen tester men vet ikke helt når jeg skal begynne å ta de. Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/138642600-dere-som-har-brukt-eggl%C3%B8sningstester-etter-sa-og-ma-n%C3%A5r-startet-dere-%C3%A5-teste/
hpetrea Skrevet 27. september 2008 #2 Del Skrevet 27. september 2008 No er det rett nok ei stund sidan du stilte dette spørsmålet, og du har sikkert funne ut av det sjølv. Men ut frå eiga erfaring reknar eg med at det er fleire som er i same situasjon og lurer på akkurat det same, og dermed svarer eg likevel. Med bakgrunn i det eg har lese og høyrt frå helsepersonell og farmasøytar på apotek, vil råde deg og alle andre som lurer på det same til å vente med eggløysingstestane til etter at du har hatt mensen første gong, først og fremst for å unngå forvirring og unødig spenning mens ein ventar på mensen, men kanskje like mykje for å unngå å kaste pengar ut glaset. (Kva hadde vel denne testpinneindustrien vore utan alle oss som stadig vekk kjøper testar av det eine eller det andre slaget, anten vi treng det eller ikkje... Eg er sjølv ei som ikkje klarer å slå meg til ro med berre ein positiv graviditetstest.) Graviditetshormonet hcg og eggløysingshormonet LH er svært like. Kanskje litt flåsete, men enkelt sagt: i ei forklaring eg las ein eller annan stad på nettet, forklarte dei det slik at hormona kunne samanliknast med "eit par einegga tvillingar, der den eine av dei har på seg ein litt spesiell hatt". Fordi desse hormona er såpass like er det slik at graviditetshormonet kan gjere utslag på eggløysingstesten, men ikkje omvendt. Ein eggløysingstest kan altså avsløre om du har graviditetshormon i kroppen, mens ein graviditetstest kan ikkje fortelje om du har eggløysing. Etter ein abort treng treng kroppen litt tid på å kvitte seg med hcg-hormonet. Kor lang tid er avhengig av kor langt graviditeten var komen før spontanaborten, eller kor lenge fosteret har vore dødt før det blir stadfesta "missed abortion". Dvs. at dersom du begynner å teste til vanleg tid etter ein abort, er det derfor svært sannsynleg at du får positivt utslag på grunn av hcg-hormonet og ikkje på grunn av at du har eggløysing. For min eigen del opplevde eg dette, då eg testa meir positivt enn eg vanlegvis gjer på eggløysingstestar ca. to veker etter utskraping i samband med ein "missed abortion". Dagen etter tok eg ein graviditetstest, og den viste seg å vere positiv. Eg målte på denne tida temperaturen, og først nærmare to veker etter den positive testen viser temperaturkurva at eggløysinga kom. Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/138642600-dere-som-har-brukt-eggl%C3%B8sningstester-etter-sa-og-ma-n%C3%A5r-startet-dere-%C3%A5-teste/#findComment-138786546
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå