Supertea Skrevet 7. august 2008 #1 Skrevet 7. august 2008 Er det noen her som har erfaring med bomullsbleier? Hvor fornøyd har dere vært? Er de like tette som vanlige engangsbleier, og blir stumpen sår av rispapir? Trenger man ekstra bleieinnlegg i tillegg til bomullsbleie, rispapir og ullbukse? Klør ullbuksene? Mange spørsmål herfra Vurderer å gå over til bomullsbleier da jeg synes småen blir så sår på tissen av engangsbleiene.
Ranveig R Skrevet 7. august 2008 #2 Skrevet 7. august 2008 Vi har brukt bomullsbleier med ullbukse på begge våre. Storebror har akkurat slutta med bleie, men lillejenta kjem til å holde på lenge enno (9 mnd). Vi har brukt brettebleier i starten, og så gått over på formsydde bomullsbleier når ungane vart større og meir mobile. (Desse har vi nyleg kjøpt til tuppa: http://www.bleieboden.no/productdetails.php?product=226 ). - Vi har vore veldig fornøgde med dei fleste bleiene vi har prøvd, med unntak av nokre veldig billege formsydde bleier frå Babykos (dei holdt ei stund, men borrelåsen blei veldig fort veldig slitt) - Dei er ikkje like tette som eingongsbleier. Det seier seg sjølv at bomull med ullbukse utanpå er meir luftig enn ei bleie i papir/plast, dermed vil den og sleppe ut litt vanndamp når den blir veldig våt. Vi skifter bleie på jenta vår ca kvar 3. time på dagtid. Viss ho tissar veldig mykje merkar vi at ho blir litt fuktig framme på buksa. - Eg trur ikkje rispapiret gjer noko frå eller til på sårhet. Jenta vår har slitt ein del med bleieutslett og eksem (som heller ikkje blir bedre av å bytte til eingongsbleier), men har ikkje merka forskjell etter vi begynte med rispapir. - Vi brukar ikkje noko anna enn bleie m/rispapir og ullbukse til vanleg. Når jenta er sår har vi i innlegg av råsilke, som har ein legande effekt på huda (kjøpt hos Nøstebarn). Viss babyen tissar mykje så bleiene må skiftast ofte er det ein del som bruker innlegg (f.eks. oppklipte handdukar) for å få større oppsugingsevne i bleia. Sjølv skiftar vi heller oftare ettersom jenta har tendens til å bli sår. - Ingen av ungane våre har klødd av ullbuksene, og sjølv har eg ullteppe av same garn over meg i senga (under dyna) om vinteren. Eg synest heller ikkje det klør, men mannen min synest det er forferdeleg. Eg trur ofte det er sånn at dei som er vant med ull frå dei er små, ikkje synest det klør verken då eller når dei blir voksne. Og ull no er ikkje det same som dei ekle, stikkete strømpebuksene vi hadde då vi var små ;o) Tips: Viss du skal strikke dine eigne ullbukser, kan du fint bruke vanleg 3-tråds garn frå Nøstebarn, eventuelt dobbelt 2-tråds (som deretter må settast inn med lanolin). Dermed får du litt meir "sprelske" fargar enn den naturkvite lanolin-ulla. Håpar dette var til hjelp. Berre spør dersom det er noko meir du lurar på, ev. send meg ein pm. Det er mykje å lese på bleiedebatten og.
Ranveig R Skrevet 9. august 2008 #3 Skrevet 9. august 2008 Veit ikkje om du såg at eg svarte deg, så eg dytter litt. Var inne og såg på profilen din, kjekt å sjå andre rollespelare der ute ) Kva speler dåke? Vi d&d'ar og det er utruleg kjekt. Synd omtrent alle sm er med no er etablert med familiar, kan ikkje spele "når som helst" lenger ;o)
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå