Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Termin 22. juli -født 3 juli!

var til jordmorkontroll 2 juli og fekk vite at det ikkje ville vere jordmor i kommunen (ferie) rundt min termin. Så ho spøkte med at eg fekk føde før 11 juli for da gjekk ho ut i ferie-beste ville vere til helga for da hadde ho vakt!

 

kvelden 2 juli låg sambuar og eg og diskuterte og eg slo fast at eg så avgjort ikkje kom til å føde før, for eg følte meg ikkje klar til nokon baby enno. Hadde jo berre såvidt begynt å vaske baby-klede og senga stod umontert i eit hjørne enno! Så eg var innstilt på overtid!

 

Neste setning eg ytra til sambuar var klokka 3 om natta: No trur eg at vatnet gjekk!

 

Frå vatnet gjekk til prinsen var ute gjekk det 4 timar. (2 timar ambulanse til sjukehuset) Ingen smerter, ingen rift, 3 pressrier og ferdig. Sambuar sin kommentar etterpå var ...Du klaup meg jo ikkje i handa eingong...!

 

Trudde ikkje at ein slik fødsel var mogleg eg!

Ynskjer dykk alle lukke til vidare, så reiser eg lukkeleg vidare til DIB

ps! guten var 49 cm, 3015 g og er nydeleg!

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/138177934-dr%C3%B8mmef%C3%B8dsel/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...