Huldermamma Skrevet 29. desember 2007 #1 Skrevet 29. desember 2007 13 dagar på overtid vagga eg inn på det lokale sjukehuset for å bli sett igang. Vel vitande om at nurket eg hadde i magen ganske sikkert skulle komme idag. Den lisje hybelbuaren min sparka og romsterte som vanlig, lykkelig uvitande om at i dag skulle bli den siste dagen i det sikkert altfor trange krypinnet. Som fødselsledsagar hadde eg valgt mamma, det var den naturlige valget. Ho har jo vert med på det før og var klar for oppgåva. Inne på føden fekk eg komme inn på ei vanleg fødestove, der eg blei undersøkt. Eg var moden og god, så 09.30 tok dei først vatnet på meg for å sjå om det satte fart i sakene. Så no var det berre å vente. Eg hadde hatt kynnara i store delar av svangerskapet, og maserier den siste veka, så eg merka ikkje store forskjellen. Etter 2 timar vart dei sterkare, men såpass langt ifrå kvarandre at legen ikkje synst dei var noko. Knappe 2 cm hadde det klart å opne seg! Så då vart det bestemt å sette drypp, for å få noko skikkelige rier. Og det skal eg love at det vart! Etter 2 ekstra cm og nesten 2 timar med samanhengande rier var eg klar for epidural. Klokka var då nesten 14.00. Jordmor såg at eg sleit med dei tette og sterke riene, og hadde ingenting i mot å be om epidural, noko eg var veldig takknemlig for. Anestesi var raskt på plass, og etter eit kvarter var eg i himmelen. Det var ein utrulig forskjell, og eg sa at eg glatt kunne ha førdt fleire ungar vist det var sånn det var. Slåande kor fort ein gløyme... Med nedre halvdel av kroppen under sterk bedøving gjekk opningsfasen flott. Eg døsa meg igjennom dei neste cm`ane, og synest livet var flott. Ved ca. 7 cm begynte eg å få trykketrang, og ringte på jordmor for å høyre kordan tilstanden var "down under". Eg fekk beskjed om å gi litt etter, og det hjalpe veldig. Det opna seg ca. 1 cm i timen, noko som vist er vanleg for førstegangsfødande. Rundt 20.00 var eg på nesten 9 cm, men knøttet satt framleis litt for langt oppe. Jordmor foreslo å sitte litt på kne i senga, for å la tyngdekrafta gjer sitt. Og jammen, no begynte trykket å bygge seg kraftig opp. Eg var sikker på at no, NO måtte eg presse! Eg ringte på igjen kl 20.30 og fekk konstatert dei berømte 10 cm! Endelig! Eg hompa meg over i fødesenga og begynte å trykke. Og trykke. Og trykke. Det utgjorde jo ingen forskjell! Det syntest ihvertfall ikkje eg! Eg pressa jo som ein gal, men kvar blei det av ungen? Eg skjønte etterkvart at det ikkje alltid er som på film, der ungen er ute etter 3 press. Så 50 min etter, kunne eg endelig kjenne hovudet. Det hadde masse hår. Etter eit press til kom hovudet og etter eit siste, sprengande trykk om den flottaste guten eg har sett! Eg fekk han raske opp på brystet, og det eg kjente då kan ikkje beskrivast med ord! Det var det største og flottaste øyeblikket i mitt liv! Etter vi hadde fått kost oss litt vart han målt og vegd; 4540 gram og 55 cm. 39 cm rundt hovudet. Ein stor og fin gut, med andre ord. Eg måtte sy over 20 sting etterpå, men det var alt verdt det. Alt i alt var det ein flott fødsel, på tross av at eg vart sett igang. Eg hadde gjort det oppatt i morgon om eg måtte!
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå