Gå til innhold

Fint dikt som passer til oss gravide :-)


vibu2

Anbefalte innlegg

VÅR EINSEMD

 

Einsemd.

Ei klokke tikkar.

Omnen sprakar døyvt, gløder raudt i skumringa.

Kvelden er aldri kveld som om hausten.

 

Nyss for dei andre ifrå meg, såg meg stå einsam att.

Dei sa at eg måtte ikkje fryse, dei spurde om eg kanskje var redd,

redd for å vera aleine, no når det lid mot natt?

 

Men eg er aldri einsam eg no, eg som har deg.

Kulda kan eg ikkje kjenna eg no, eg som har ditt varme liv,

dine nye, bankande pulsar i meg.

 

Mørkret eig inga makt over meg meir,

slepp meg ikke eingang nær.

All er eg fylt av morgonroden frå din dag,

som snart skal gry.

 

Å varme løynlege liv som eg ber -

det hender eg ønsker eg ikkje skulle føde deg,

anna eg alltid fekk eige deg,

eige deg slik som eg eig deg no.

 

Ja det er eining, endeleg mi med deg.

Alt mitt går opp i deg,

og du er enno berre som ei kjerne,

ein part av meg.

 

Snart skal dagslyset skine på deg,

snart skal menneskeauge sjå deg,

snart skal du ha eit namn.

 

Enno er det berre eg som eig deg,

enno er du berre som eit nytt organ eg har fått,

som verkar i meg slik at eg er usårleg og unåeleg.

Vondskap og pine og alt mørkt og sårt

får ikkje rekke rekke meg over solen,

så lett trør eg,

eg som trør så tungt no om dagen,

fordi eg ber på deg.

HALDIS MOREN VESAAS

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Det var veldig vakkert, det skal jeg jammen skrive inn i svangerskapsdagboka. Skulle lest mer av Vesaas for hun har et dikt til som jeg liker veldig godt:

 

"Å vere i livet"

 

Dette; å vere i livet

open for alt ikring,

bunden med sterke røter til menneske og til ting,

gi både hjarte og hender

i omsorg som aldri svik,

var det som gav meining til ferda di

og let deg få kjenne deg rik.

 

Og den som er rik vil ha seg

eit hus som er såleis bygt

at alle som høyrer til huset

kjenner det godt og trygt,

og såleis at framande gjerne

kjem innom dørene der

og auker den rikdom som finst der før

med alt det dei sjølve er.

 

Fattig var du om du aldri

i livet du kjenne fekk

at mellom deg og dei andre

levande straumer gjekk

av tillit og varme som styrkte

kvart band som til livet deg batt,

og lar deg få kjenne

når alt blir gjort opp,

at meir enn du gav fekk du att.

 

Ja, det var det poetiske hjørnet for i dag :)

 

Tusen takk for at du delte :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...